mandag 3. november 2014

Gamalosten - proppfull av protein

Protein

Protein er nødvendeg for oppbygginga av nye celler - både under vekst og til vedlikehald av kroppen vår. Helsedirektoratet i Noreg anbefalar eit inntak av protein, på mellom 10-20 prosent av kosten per dag. Like etter trening er det ofte smart å fylle på med eit lite måltid karbohydrat, men ôg proteiner. Personar som fokuserar på styrketrening har ofte eit større fokus på protein inntak etter trening, og i kosten elles. 

Protein er store molekyler som er bygd opp av aminosyrer. Protein deltek på ulike måtar i alle livsprosessar i kroppen, og blir mest brukt til å bygge opp nye celler. Proteinet kan ôg brukast til energi, men her spelar dei vanlegvis liten rolle i forhald til karbohydrat og feitt. 

Gode proteinkilder er fisk, kjøt, melk, ost, egg, korn, bønner, nøtter. Sist men ikkje minst vil eg nevne gamalosten, som er ein type ost med eit svært høgt proteininnhald. 

Gamalosten

Denen osten har sitt opphav i Vik, heimbygda mi, og det er på det lokale meieriet den vert produsert. Dette er ein fast muggost med røter heilt tilbake til vikingtida. Navnet har den fått pga at osten blei lagra i lang tid på stølane frå gamalt av.



Gamalosten er eit tradisjonsrikt produkt, og har fått stor internasjonal merksamd, mellom anna fordi den har eit svært høgt protein innhald, 50 %, og kunn 1 % feitt og karbohydrat. Den er saltfattig og er eit reint naturprodukt. Den har ein skarp smak, er saftig og grov. Det eg vil anbefale, er som pålegg på knekkebrød/kjeks/flatbrød, saman med smør, rømme og syltetøy eller toppa med drue. Osten har som nevnt ein skarp smak, men saman med rømme og syltetøy vert det ein utruleg god kombinasjon.

Effektar

Gammalosten har påviste positive effektar. Ein nyleg doktorgrad frå Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) på Ås, viser at gammalosten har helsefremjande verknad. 

Den inneheld såkalla "peptider", som er blodtrykkssenkande. Effekten av dette aukar på veg gjennom fordøyingssystemet vårt. I tillegg inneheld osten store mengder vitamin K2, som er gunstig for beinbyggjing og hjarta, som er påvist å vera hemmande for kreft. 

Festival

Sist kan eg nevne at i Vik, har vi gamalostfestival. Då feirar vi osten og har mellom anna gratis frukost til alle i bygda på laurdagen. Då serverast gamalost såklart.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar