tirsdag 25. november 2014

SKIGLEDE

Mi helg blei tilbringa på Geilo. Endeleg fekk eg min fyrste skitur for sesongen. Det var ikkje så altfor mykje snø, men meir enn nok til å spenne på seg skiene og stake i veg. Geilo ligg midt mellom Oslo og Bergen, og det er veldig praktisk å komme seg dit med toget fra begge byene. Dersom ein vel å bu på hotell, ligg dei fleste i nærleiken av togtasjonen. Geilo har mykje å by på, både sommer og vinter. På vinteren er det skibakken og langrennsløypene som trekk til seg flest folk. Sjekk ut heimesida til Geilo.

http://www.visitnorway.com/no/reisemal/ostlandet/hallingdal/geilo/



                                                          Snødekt Geilo i solskinn




                                                       Veldig nøgd etter ein fin skitur


Langrenn er eit meget bra alternativ for uthaldenheitstrening, i tillegg til at aktiviteten er svært gunstig for kroppen mtp skader og at ein trenar heile kroppen. I tillegg kjem ein seg ut i frisk luft, og får "gratis" naturopplevingar. Når det er snakk om idrettskadar er skadefrekvensen i lagidrett størst, rundt 40-50%, medan idrettskadar ved idretten langrenn, ligg skadeomfanget på rundt 5 %.

Eg krysser fingrene for ein snørik vinter. God skitur !!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar