torsdag 7. mai 2015

"Lavvo Åshild"

Veninda mi Åshild bur i lavvo. Ikkje berre på våren og sommeren, men heile året. Eg er imponert, og det trur eg andre er også . Eg var på overnattingsbesøk, og det er jo heilt nydelig å sove ute. Men eg trur ikkje det er så mange som hadde orka å budd ute heile tida, året rundt. Så Åshild, du er heilt rå !!!

Eit stemningsfullt alternativ for dei som ønsker ein heilt spesiell oppleving ute, er å overnatte i lavvo. Å sitte på eit reinsdyrskinn, høyra verda knitre og nyte god mat og drikke set prikken over i'en på denne opplevinga. Eg og Åshild grilla fisk, grønnsaker, og det var heilt himmelsk. ALT smaker jo godt ute uansett. I tillegg er jo ikkje eit glas rødvin feil, som varmer ekstra :)

                                              Åshild og meg under ein jervenduk


                                              Marshmallows til dessert er ikkje feil….

Aftenposten har vore å intervjua Åshild om akkurat dette. Det kjem til å komme ein artikkel om ho snart. Så følg med.


FRILUFTSLIVETS ÅR

2015 er friluftslivets år. Ein aktiv livsstil og auka bruk av friluftslivet gir deg ikkje berre gode opplevingar, men i tillegg god helse, betre humør, og ein mykje rikare kvardag. Friluftslivets år, 2015 er ein nasjonal satsing for eit aktivt friluftsliv som Klima- og miljødepartementet presanterte i 2013. Tidlegare er dette arrangert er i 1993 og i 2005.

Formålet med å arrangere dette er å gi auka merksamd på friluftslivet i Noreg, og gi varige resultater i form av auka deltakelse i friluftslivet i alle delar av befolkninga. Det skal gi auka bevisstheit om alle dei positive sidene knytta til folkehelse. I tillegg til å gi noregs befolkning bevisstheit om allemannsretten og dei unike moglegheitane vi har her i Noreg. Vi har eit vakkert land, så bruk det aktivt !!!

lørdag 2. mai 2015

Kickstart VÅREN

Morsom trening og sunn mat set deg i gang med å kickstarte våren. Det er vår i lufta, og ein kjenner at det hadde vore så deilig å komme skikkelig i gang med treninga. Eg tenker at ein bør styre unna dietter og strenge treningsregimer om ein vil vera sunn i både kropp og sinn. Sjølvsagt fungerer dette for nokon, men for dei fleste fører dette til dårleg samvit og eit anstrengt forhald til trening og mat. Livet er altfor altfor kort til det !!!




Den beste treningsplanen er at ein faktisk klarar å gjennomføre planen over tid, og gjera det til ein livsstil med gode vanar. Ein treng ikkje ofre alt av kos og digg. Målet bør vera å gi seg sjølv ein kickstart på det som skal vera ein "sunnare deg". Det handlar om å følge deg sjølv, fylgja hjarta, vera og sjå frisk ut, utan å måtte ofre alt av kos. Det å alltid sjå "fit" ut er definitivt ikkje hensiktsmessig over tid, og det kan vera vanskeleg for einkvar i ein hektisk kvardag.

Den aller beste treninga er treninga du faktisk gjennomfører, dei som er enkle og effektive. Dei kan fint gjerast i heimen utan utstyr. Tilpass økta etter deg og din kropp. Kanskje ein form for sirkeltrening, med høg musikk og stoppeklokke tilgjengelig. Gå til jobben, ta trappa i staden for heisen, gå av bussen nokon stopp før jobben. Eg slår eit slag for kvardagsaktiviteten !!!

Det du puttar i munnen er viktig. Kroppen er ei maskin som dagleg sørger for at du presterar på alle områder. Det minste ein kan gjera for seg sjølv er å gi den prima drivstoff i gjengjeld, slik at den kan fortsette å prestere. Her er 10 topp treningsmat:


  • EGG. Ein av dei beste og billigaste kildene til protein. Inneheld samtlige D- og B12-vitamin. Det høge proteininnhaldet gjev god metthetsfølelse som fungerer som byggestein i kroppen. Kosthaldsekspertar har fraråda å spise for mange egg pga høgt innhald av kolesterol i plomma. Men dette har dei gått bort ifrå. Dessutan er eggeplomma full av jern og lecitin, så spis egg!!
  • KYLLINGLÅR. Dette er noko av det sunnaste på kyllingen. Det er fylt med B-vitamin, jern og sink, som held energinivået høgt. Det er rikt på sunne omega 3-fettstoffer og CLA, som beskyttar mot sjukdommar og stimulerer immunsystemet. 
  • RØDBETER. Denne fine greia booster energinivået og verkar prestasjonsfremjande. Inneheld store mengder nitrat, som i magen blir gjort om til nitrogen. Når dette blir ført ut i blodbana hjelp det til å auka oksygenopptaket ved å utvide blodkara. Auka oksygen i blodet fører til meir oksygen i musklane, du kan jobbe lenger og kjappare. Rødbetjuice er poppulært blandt løpere og sykkelfolk, der forskning viser god prestasjon ved å drikke dette. Inneheld masse B- og C-vitamin, kalium og antioksidanter. Gull for immunforsvaret og musklane. Dei verkar også blodtrykkssenkande. 
  • GRANATEPLE. Såkalla Holywood style. Inneheld usedvanleg mykje antioksidanter, som beskytter mot brystkreft samt hjarta- og karsjukdommar. 
  • BANANER. Natrium og kalium som er svært effektive til å forebygge muskelkramper under langvarig trening og belastning. Det er ein svært god kilde til karbohydrat, som er effektiv etter økt med hard trening. Ei banan inneheld 400 g kalium og 29 g lettopptakelig karbohydrater. 
  • LAKS. Dette er muskelbooster. Her er mykje omega-3-fettsyrer. Når det blir tatt opp i kroppen forberedes cellenes evne til å rense avfallstoff og tek opp næringsstoff. Dette gjev sterke celler. Fettsyrene forebygger og behandler betennelse i kroppen, samt minsker muskelømhet. Booster deg med protein og D-vitamin. Den er også effektiv om du vil kvitte deg med magefett. Velg helst villaks :) 
  • AVOKADO. Dette er gudenes frukt. Full av B-vitamin og kalium, senkar kolesterolet og hjelp til å halda kroppen sterk og smertefri. 
  • BÆR. Inneheld kraftige antioksidanter, dette pga fargestoffa. Dess mørkare farge, dess fleire godsaker. Beskyttar mot frie radikaler, og har skadeleg effekt på levande vev i kroppen, bekjemper betennelse i knoklene, musklar, ledd, hjerne, hjerte og hud. Mine favorittar; blåbær, bjørnebær og bringebær. 
  • PROTEINPULVER. Det er såklart ikkje råvare, som er best, men det er desto mindre ein glimrande kjelde til kvalitetsprotein. Protein treng vi for å bevare muskelmasse og forbrenne feitt. Det mettar og stbiliserer blodsukkeret. Det er eit fint redskap om ein vil gå ned i vekt. Det finnest så mange proteinpulver. Eg vil anbefale dei økologiske, gjerne risprotein. Det er genialt å ta ein shake rett etter trening for å fylle opp lagra. 
  • SJOKOLADE. Eg sparer det beste til slutt. Mørk sjokolade, med kakaoinnhald på 70-80 %, supersnacksen som aukar treningseffekten. Men berre litt, eit par ruter. Det er mykje kalorier, så her gjeld det med måtehald. Mørk sjokolade beskytter mot beinskjørhet, hjarteproblemer og kreft, pga innhald av polyfenoler. Ein sterk antioksidant som er god for beinvevet og vedlikehald av skjelettet. Og så er det såååå godt i seg sjølv :) 


Fokuser på maten som er bra for deg, i staden for maten som er dårleg for deg. Ikkje tenk på det godteriet du har så lysst på, men all den digge frukten og grønnsakene du kan fråtse i. Det er nemleg fritt fram å kose seg med grønt som snacks. Det sunne kosthaldet og treninga handlar ikkje om at alt, alltid skal vera perfekt. MEN at du heilt ærleg lever det sunneste livet du kan leve. Det handlar om å gjera endringar gradvis i ditt eige tempo, og når endringane vert ein naturleg del av ditt liv, er du eitt skritt nærare den kroppen du kan vera nøgd med heile året. Start i dag, set deg mål om å gjennomføre treninga 3 ganger i veka. Kva du gjere resten av veka er opp til deg. Etter ein månad vil du sjølv sjå at dei nye rutinane er blitt ein vanesak.