søndag 29. mars 2015

God Påske !!!

Så heldig er eg at søstra mi, Arna, inviterte meg med opp på hytta for å tilbringe palmehelga med ho og familien. Hytta ligger på vakre Gaustablikk, ca 3 timar køyring frå Oslo. Staden er området aust for Gaustatoppen i Telemark fylke, og den er ligg 1883 moh. Det er denne toppen der løpet Norseman vert avslutta.
Gaustablikk er Noregs 7. største skisportsstad pr. 1 januar 2011. Det ligg i Tinn kommune. Skisportsstaden er i dag det området med størst utbygging, og Tinn er kommunen det byggest mest og dyrast for tida.


                                               Vakre Gaustatoppen <3

Mange forbinder alpin og anna skikøyring i bakken med herlege opplevingar, og det er det verkeleg. Men det er så mykje meir enn det. Det krev ein del fysiske anstrengelsar å ta seg ned bakken. Fakta er at skikøyring er ein allsidig treningsform som passar alle - uansett kjønn, alder og erfaring. Det hjelp til å byggje opp kroppen sin styrke, kondisjon, koordinasjon, beveglighet og balanse. Ein treng altså fleire av kroppen sine funksjonar og musklar, samtidig som ein har ein kul dag utandørs med masse frisk fjelluft. I tillegg forbrenn ein masse kaloriar når ein har det berre gøy!! Og det er aldri feil. Forskning viser at ei kvinne på 65 kg i snitt forbrenn om lag 200 kaloriar på ein halvitme køyring, medan ein mann på 85 kg forbrenn 250 på same tid.

Eg som ikkje står så altfor ofte i bakken, kjenner det svært godt i låra. Det svir etter ein har stått ei stund, og spesielt om ein køyrer i skogen og i laussnø. Det gjore eg masse i helga. Det kom nysnø dagane før vi drog opp, og det var perfekt føre. Så eg vil påstå at det er meget god trening for kroppen, på mange ulike måtar.

                                                      Greit med pause i heisen
                                              På toppen, Gaustatoppen i bakgrunnen

Eg og Solveig tryna i skogen! Ikkje alltid like lett å komme seg laus. Men fyttigrisen, får brukt litt musklar der også...




Tusen takk for denne gang Gaustablikk. Takk for meg Arna, Lars Petter, Solveig og Fredrik !!!













tirsdag 17. mars 2015

Boot Camp - Strandebarm

Boot Camp har i dei seiner åra blitt ei svært poppulær treningsform, spesielt innan fitness, som motiverande gruppetrening. Det foregår ofte utandørs, utan bruk av avansert utstyr, og ofte berre ved bruk av eigenvekt. Ordet boot camp kjem eigentleg frå militæret og betyr; rekrutering under streng disiplin. Boot camp har nok blitt noko mildare, men eg tenkjer at det krevest streng disiplin for å utføre og fullføre boot camp. 
Eg har sjølv deltatt på og har arrangert boot camp for mine kundar. Eg arrangerte det som ein slags sirkeltrening der eg som trenar går og pusher på kunden. Alle gjere same øvelse på likt, på ei viss tid, deretter 10 sek pause. Deretter byrjar ein på neste øvelse. Dette er i utgpkt lette øvelsar, men blir tunge når ein gjere dei i tempo og i ei viss lengde. Eg pleier å køyra 3 rundar på alle øvelsane, deretter avslutte med løp. T.d stafett eller intervallar. Svært effektiv trening, der pulsen stig og musklane vert køyrd hardt. 
Eg var heime på vestlandet denne helga, og tilbragte mesteparten av tida i Strandebarm, der pappa er oppvaksen og har overtatt huset til mine besteforeldre. Sidan veret var så nydeleg, tok eg med meg mamma og pappa på joggetur, deretter boot camp i hagen i vakre omgivelsar. God stemning !!!

                                     Midt i økta var det spensthopp på programmet. Einaste bilete eg fekk lov å ta !!!

Strandebarm ligg i Kvam herad (her heiter det ikkje kommune). Heradet ligg i Hardanger og består av Norheimsund, Øystese, Ålvik og Strandebarm, der Strandebarm er den minste bygda med sine 1300 innbyggere. Med slake dalar og grøne marker som ramme, med strender, holmar og nes, står Strandebarm fram som ei perle ved Hardangerfjorden. Det er ei heilt spesiell idyll og stillheit som rår i denne bygda. I bygda finn ein postkontor, butikk, bensinstasjon, og elles det mest viktigaste. I tillegg har bygda ein flunkande ny skule og eit nytt idrettsanlegg som ligg heilt nede ved fjorden.  Fjorden har nok vore svært viktig for Strandebarm, og båtbyggjatradisjonen står sterkt. 

Strandebarm byr på mange naturopplevingar. Det finst ei rekkje gode fiskeplassar, og bygda er eit ypperleg utgangspunkt for fjellturar. Høge toppar som Kråkenos og Vesoldo gjev ei ubeskriveleg utsikt over bygd og fjord. Båtliv og bading er gode minner frå eg var lita… Eg vert meir og meir glad i staden. 

                                                Utsikt over Strandebarm


                                              Omaholmen i Strandebarm.


I løpet av helga besøkte eg onkelen min, Arvid, som bur i Øystese på ein omsorgsbolig. Det er sjeldan eg ser han, men etter nokre minutt, lyser han opp og blir så glad for å få besøk av familien. Slike øyeblikk varmar hjertet <3



torsdag 5. mars 2015

NYC - treningsleir

På min bursdag, 26.februar, satte eg, Sara, Arna og Berit nasa over Atlanterhavet og landa i New York. Turen som vi hadde gleda oss sånn til, telt ned dagar og timar. Endeleg ei veke i "the land of dreams". Turen over gjekk veldig bra. Vi fekk eit heilt splitter nytt SAS fly, og god plass. Ein liten strek i rekninga var at eg ikkje fekk kofferten min, som kom etter heile 5 dagar. Tenkte eg ikkje ville bruke tida på shopping, men eg hadde ingen val :)

                                                                 Reisefølget mitt <3


Fakta om NYC
New York, som offesielt vert kalla City of New York, er den aller største byen i USA. Byen ligg i delstaten New York, og har 8,5 millionar innbyggjera. Sjølve storbyområdet er eit av dei mest folkerike områda i verda med heile 22, 2 millionar innbyggjera. Byen består av bydelane Bronx, Brooklyn, Manhatten, Queens og Staten Island. New York er eit av verdas viktigaste økonomiske og kulturelle knutepunkt og har ein lang rekke med kjendte museer, teater, galleri, mediahus og internasjonale selskaper samt børsinstitusjonar. 40 millionar turistar besøker New York kvart einaste år, og det var ikkje sjeldan eg høyrde norsk og svensk i gatene. Det var tilogmed ein amerikaner som såg på oss og sa "are You Norwegian?", ser vi så norske ut ??? Dei viktigaste attraksjonane er Empire State Building, Ellis Island-Frihetsgudinna, Times Square samt shopping langs Fifth Avenue og teaterbesøk på Broadway.

Dagane gjekk altfor fort…
Det var ikkje mykje kvile. Vi sto opp i 5-6 tida, hadde ein times joggetur kvar einaste dag, samt ein dag med boot camp, der Berit var coach. Ho piska oss rundt i Central Park med eit utval av styrke øvelsar og intervallar. Berit bestilte hotell, og vi budde ca 50 meter frå parken, og det var ikkje tilfeldig for å seie det slik. Parken ligg midt på Manhatten og er ca 3,5 km2 i utstrekning. Berit hadde proff klokke, og det var ca 11 km langs hovudvegen rundt heile parken. Parken blei fullført og bygd i 1880. Her er det svært populært å drive leik, sport, jogging, gå tur med hundar, skøytebane, zoologisk hage, innsjøar med båtar. Det går eit nett av bilvegar gjennom parken, men det var svært godt merka opp med kor ein kunne gå og kor ein kunne sykle. Sidan vi var der på vinteren var ikkje sykling så aktuelt, men neste gang eg dreg over på våren/hausten blir det å leige syklar. Det er ein vakker park, og unikt for ein storby med så masse fin natur og enorme trær.



Det var veldig deilig å vakna tidleg, ut på trening, og klar for sightseeing resten av dagane. Eg vil påstå at vi brukte dagane godt, og det var veldig fint at globetrottaren Arna tok styringa og leda oss rundt i byen.


Første dagen var den nydelegaste og klåraste dagen. Vi tok ferja over til Liberty Island og Frihetsgudinna, og det var heilt ubeskrivelig vakkert der ute. Denne gudinna blei gitt i gåve frå det franske folk til det amerikanske folk som eit symbol på gjensidig vennskap. Den blei avduka 28.oktober 1886. Den er laga av kobber og er 93 m høg. 

Brooklyn brige er ein av dei tre bruane som binder Manhatten og Brooklyn saman. Det er ei hengebru, og var verdas lengste av dette slaget då den stod ferdig i 1883. Den er i dag ein av dei mest berømte mesterverka i USA, samt at det er mange filmar og seriar som har denne brua med i filminga. Den er veldig romantisk, og eg har høyrt at det er mange frieri som oppstår her <3

Bursdag gåve frå pappa og mamma blei helikoptertur på Manhatten. Det var litt av ei oppleving, der eg fekk kjenne godt på suget i magen og kjende at eg levde. Det var deilig !!!






Etter treningsturane på morgonen er det viktig å fylle opp lagra, og det skal eg love vi gjore med stil. Kaffien blei nytt på Starbucks, såklart. Det er min favoritt, og det var faktisk Starbucks på kvart hjørna. Og ikkje feil at det var wifi der. Merkelig kor avhengig ein kan bli av slikt. Trur Sara satte rekord på instagram tagging fra smoothien frå Starbucks. 

                                              Ekte amerikansk frukost !!!

Og litt dessert såklart :) 

Siste kvelden vår, var vi på Broadway og såg Lion King, gåve frå tante Marta. Det var ei fantastisk forestilling med flinke artistar, fin historie og fine sanger som eg kunne godt, og sang med. Absolutt å anbefale. Det var ikkje lov å ta bilete frå forestillinga. Bilete under viser typisk NY gate på kvelden. Gule taxier, røyk fra undergrunnen og høge bygningar med masse, masse reklame.