mandag 23. februar 2015

Stødig kurs

Ein kan ikkje akkurat skryte av vinteren 2014/2015 så langt, men litt snø har det blitt og glatt har det vore. Det kan fortsatt lave ned snø, og isen kan ligge lenge. Dersom du er glad i å løpe ute i frisk luft, men det er isbelagt ute, kan eg anbefale BUGrip Distance Training Shoe med 19 stålknottar under kvar gummisåle. Dette gjev eit svært godt grep på isføre, der sjølv pyser som meg tør å ta steget ut på glatta.
Skoen passar sjølvsagt til både spaserturar og løpeturar, og den er svært behageleg på foten. Såla gjev god demping og tekstilet er vannavvisande. Så no er det ingen grunn til å la vera å ta seg ein løpetur på glatta. Skoene vert solgt mellom anna på XXL og Sport1, og kostar 1699,-





Dei val ein tek i livet, definerar ofte kva person ein er. Ein lærer på vegen ein går, enten om det er med stor glede eller med tristhet…. Men kvifor komplisere ditt liv ?   







torsdag 19. februar 2015

8 gode grunnar

Dersom ein er på jakt etter den eine øvelsen som gjev deg sterkare, flottare og ein meir funksjonell kropp, meinar eg at knebøy er definitivt øvelsen ein bør prioritere. Nedanfor har eg lista opp 8 gode grunnar til nettopp dette.




1. Knebøy gjev auka styrke i heile kroppen.
Sjølv om øvelsen går hovudsakleg på for-og bakside lår samt setemusklaturen, så innvolverar denne øvelsen eit fleirtal av musklar i resten av kroppen. Dette er mellom anna kjernemusklaturen, samt nedre og øvre del av ryggen. Ofte har eg opplevd folk som gløymer dette, og sniker seg til å trene bein på apparat i staden. Då går ein glipp av å trene støttemusklaturen.

2. Knebøy aukar forbrenninga.
Ein av dei mest effektive måtane å auka forbrenninga på er å få større muskelmasse. Dermed vil også kvileforbrenninga gå opp. I praksis vil dette medføre at du vil forbrenne meir feitt når du trenar, når du er i ro, samt når du søv. Dersom ein vil ned i feittprosent, og vil ha ein fastare kropp, er dette noko av det viktigaste du kan gjera.

3. Knebøy gjev fastere rumpe.
Rumpemusklane blir undervurdert når det gjeld knebøy, fordi det er så stort fokus på framside lår. Men dersom ein utfører korrekte djupe knebøy, vil ein aktivisere rumpa i stor grad. Her er det da svært viktig å ikkje ha for tunge vekter, og ha ryggen strak.

4. Knebøy gjere daglege aktiviteter lettare.
Forfedrane våres gjore knebøyøvelsen i svært mange daglege aktivitetar, slik som hausting av høy, jakt, innsamling, foring av dyr osv. Men mange av aktivitetane i dag er også avhengige av denne aktiviteten. Knebøy er ein full-kropps-øvelse, der det blir aktivisert heile kroppen som eit system, i motsetning til å trene ein separat muskelgruppe. Når ein utviklar eit riktig bevegelsesmønster og blir sterkare i knebøy, blir ein også mjukare og forbedrar balansen.

5. Knebøy betrar spenst og prestasjonsevne.
Ein rekke studier viser at knebøy forbetrar kroppen sin evne til å produsere kraft, slik som er gunstig for eksplosive idrettar som sprint og bryting. Idrettar som volleyball, fotball, basket og høgdehopp, er truleg knebøy ein av dei mest gunstige øvelsane ein bør trene på for å betre formen.

6. Knebøy gjere deg mindre utsatt for skader.
Dei fleste idrettsakder oppstår ved muskulær ubalanse, svake stbiliseringsmusklar, leddbånd og bindevev. Knebøy hjelp deg til å styrke desse områda. Det kan og bidra til å forhindra skader ved å forbedre mobilitet og funksjonell yteevne i ankler og hofte, som svært ofte er skadeutsatt hjå idrettsutøvera.

7. Knebøy styrkar kjernemusklaturen.
Her er frontbøy veldig aktuell. Dersom ein trenar for å få synlege magemusklar, kan ein lett kompansere med knebøy som ein øvelse til vanlege mageøvelsar.

8. Knebøy betrar haldninga.
Når ein trenar knebøy, trenar ein alle musklane som er viktige for å ha ein best mogleg korrekt haldning. Korrekt utført knebøy tvingar kroppen til å halde ein oppreist stilling.

tirsdag 10. februar 2015

Avocado=sunt

Avocado er noko eg brukar så godt som til dagleg i kosten. Enten det er i salaten, på brødskiva med salt og pepper, oppå makrell i tomat, ovnsbakt avocado, guacamole, eller berre som sunn snacks. Det er utruleg godt, og det er ikkje dumt at denne frukta har ekstremt mange helsefordelar. 



Eit tips, dersom avocadoen er for hard, kan ein dryppe litt sitron på den. Da modnar den raskare.  

Frukta er proppfull av sunne "fut coins" næringsstoff, som kroppen treng så kjært. Avocadoen er super sunn kjelde til både vitamin A, C og E. Det er og fleire typar B-vitaminer som folat, tiamin, pyridoksin, riboflat og niacin. I tillegg er det masse kostfiber, magnesium, kalium og lite sukker.  



6 gode grunnar til å spise avocado


1) Sunt feitt for hjarta og kolesterolet. 

2) Kraftig antioksidant C og E som er veldig bra for huden. Den held huden frisk og ung, styrkar bindevevet i huden, brusk, bein og tenner.

3) Beskyttar tarmen. Kjelde til kostfiber, som spelar ein stor rolle i å opprettholde god helse. Avocado mettar utan å gi energi, verkar gunstig på mage- og tarmfunksjonar, og hjelp mot forstoppelse.

4) Verkar blodtrykknedsettande. Kaliumet er med på å regulere vannbalansen i kroppen. 

5) Styrkar nervene, som er viktige for stoffskiftet i nervesystemer. Vitamin B trengs for god nervefunksjon. Forskning viser at det er ei god frukt for mennesker som lid av nervøsitet, irritablitet eller depresjon. 

6) Folat for fosteret. B-vitaminet folat er viktig for danninga av friske raude blodceller og normalt arvestoff. Eit tilstrekkelig inntak av folat er viktig før og under svangerskap fordi folat forebygg fosterskader. 




lørdag 7. februar 2015

Hold aldri opp


                               Innflygning til Dubai, ein gang i november.



Nokon tider i livet, er tyngre enn andre. Det kan vera både når det gjeld trening og elles i livet. Det er vel slik det er å vera menneske. Eit stort og varmt hjerte, er ofte det som kjenner mest på følelsar, og som kan bli mest glad og mest lei seg. Den som har store krav til seg sjølv på trening, kan bli veldig skuffa og lei seg om ein ikkje når målet i "riktig" tid. Ein sang som Anne Grete Praus har skrevet, er ein av dei finaste sangane eg veit, og som kan vera til god hjelp og motivasjon i livet :)



HOLD ALDRI OPP

En plutselig befriende tanke faller ned
I hodet på meg akkurat nå
Den skal du minn venn som går
Og myser litt på livet ditt få
Du syns du går for sakte
Og tida går for fort
Og målstreken er fjernere enn før
Men fri til å gå videre er den som har forstått
Det handler ikke om hvor langt du har kommet
Det handler om hvor langt du har gått

Hold hodet høyt
Hold hjertet varmt
Hold av Hold om
Hold ut Hold på
Hold med Hold hardt
Hold godt Hold i
Hold av Hold om
Hold ryggen fri
Men Hold aldri opp
Hold aldri opp

Du sier andre kjenner sikkert mer tilfredshet i sitt liv
I arbeid eller redets lune skjul
Men hør min venn det er’ke alltid like lett å være rede
Når man er fugl
Så sannheten har plaster og drømmen er litt halt
Og ungdomsvennen motet er en sjelden gjest
Men motorvei til paradis har ennå ingen fått
Det handler ikke om hvor langt du har kommet
Det handler om hvor langt du har gått


Hold hodet høyt
Hold hjertet varmt
Hold av Hold om
Hold ut Hold på
Hold med Hold hardt
Hold godt Hold i
Hold av Hold om
Hold ryggen fri
Men Hold aldri opp
Hold aldri opp

Hold av – Hold om – Hold med
Hold på – Hold ut – Hold i
Hold fast – Hold fast – Hold fast
Men hold aldri opp!