tirsdag 14. april 2015

Trappeløp

Kollegaen min, Martine, har stått i bresjen og arrangert trappeløp kvar tirsdag morgon kl 07:30. Vi har høgblokk på jobben med 11 etasjer. Det er litt variert oppmøte på treningane, men Martine stiller alltid.

Denne forma for trening kan vera eit godt alternativ dersom ein har begrensa tid til trening. Det er ikkje alltid ein har tida til ein langtur med løping, men med trappeløp kan ein spare tid, da det er innendørs, treng ikkje mykje planlegging og er effektiv som pokker!!!


                                            Eg, Kristine og Martine

Musklar i bruk
Trappetrening er ein absolutt relevant trening for løpere. På same måte som intervalltrening, tempoturar og andre intense treningsformar, aukar trappene intensiteten i treninga og løfter dermed også formen. Det er svært bra trening for setemusklaturen, hofteleddsbøyerene, noko som på flat landeveg blir omsatt til kraftig avsett og difor større skrittlengde-utan at du føler at du må anstrenge deg ekstra. Lårmusklane trenes også svært effektivt i trapper, og dermed vert musklane meir uthaldande. Leggmusklane får gjennomgå, noko som eg merkar ekstra godt. Den ekstra styrken i leggene gjev ein meir spenstig og effektiv løpestil.

Hard belastning
Ein bør likevel vera klar over at dette er ein veldig hard belastning, så her gjeld det å dosere treningsmetoden. Det bør utgjera ein begrensa del av treninga, og ein gang i uka er eit utgangspunkt for ein vanlig trent person. Kroppen treng også å venne seg til denne belastninga, så her gjeld det ikkje å overdrive i starten.

Korleis trene
Tips er å legge inn trappetreninga som site del av ei vanleg løpeøkt, slik at du er gjennomvarm. Etter ein månad kan ein flette inn to turar i treninga, medan i tredje månad kan ein auke til intervallar, slik vi løper på jobben. Vi køyrer intervaller etter oppvarming, som blir hovuddelen av økta.

                        Litt bedre oppmøte ein tirsdag i februar....


Europeiske trappeløp

  • Saxonian Mt. Everest Treppen marathon
    Radebeul, Tyskland. Verdens lengste trappeløp med 39 700 trinn opp og 39 700 ned fordelt på 84,4 kilometer.
  • Niesen Treppenlauf
    Mülenen, Sveits. 11 674 trinn. Løpes i verdens lengste trapp som går langs en taubane.
  • Arque Sky Run
    Messeturm, Frankfurt, Tyskland. 61 etasjer, 1344 trinn. Europas høyeste innendørs trappeløp.
  • Subida Gran Hotel Bali
    Alicante, Spania. 52 etasjer. 900 trinn.
  • Skyrun Berlin
    Tyskland. 39 etasjer. 770 trinn.
  • IDEAL-Hochhaus
    Berlin, Tyskland. 29 etasjer. 465 trinn. Tysklands høyeste boligbygg.

Oversjøiske trappeløp

  • Go Vertical, Sears Tower
    Chicago, USA. 103 etasjer. 2232 trinn.
  • International Towerthon
    Kuala Lumpur, Malaysia. 2058 trinn.
  • Taipei 101 Run Up
    Taiwan. 91 etasjer. 2046 trinn.
  • CN Tower Climb
    Toronto, Canada. 1776 trinn.
  • Empire State Building Run-Up
    New York, USA. 86 etasjer, 1576 trinn.

onsdag 8. april 2015

Sommerkroppen 2015

Våren som vi er inne i no, er begrepet "SK-2015", (sommerkroppen 2015) mange opptekne av. Ein kjem ikkje unna å lese om dette på sosiale medie. Det dukkar opp tips om diettar, erfaringar og korleis ein skal stramme opp både her og der. Sjølvsagt er det "fair" at ein trenar for å sjå betre ut, men det er så utruleg mykje fleire positive sider ved det, utseende er jo berre ein av bonusane ein får frå trening. Eg trur ein treng å belyse dette temaet litt ekstra i dagens samfunn, og det å bli sett på sosiale medier.

Som personleg trenar er dette noko som kan føre til overdreven mykje fokus på kropp for mange, spesielt unge, noko som ikkje alltid er så bra. Sjølvsagt er dette ein personleg ting, men ein bør tenkja gjennom kva ein ønsker å oppnå ved å fylgja målsetninga som baserar seg kun på utseende og ikkje treningsglede, mestringsfølelse, og sjølvtillit. Dette trur eg ikkje kjem som eit resultat av kortsiktig og utseendefokuserte mål som "sommerkroppen 2015". 

Sommarkroppen-begrepet er vanskeleg å definere. Når er ein god nok ? Ein kan bli gåande i ein vond sirkel ved å heile tida ville bli sprekare, tynnere, større eller sterkare. Eg vil påstå at ein heller bør fokusere på kva som er viktig for ein på lang sikt. Spørsmål som; Kvifor ønsker DU å trene? Kvifor er det viktig å spise sunt ? Det bør vera i ein langsiktig perspektiv, ikkje ila nokre få månader. Alle ønsker selfølgelig å ha ein stramm kropp, men ikkje berre på sommaren, og ila få månander. Det kan erfaringsmessig slå feil ut. Det er viktig å godta den DU er. Då er det mest sannsynleg at du blir motivert til å oppretthalde dei gode rutinane også etter sommaren. Ein slepp jojo-effekten i både tankegang og kropp. Den sterke, sjølvsikre og gjennomtrente heilårskroppen har eg mest tru på, og kjem automatisk med på kjøpet ved denne tankegangen.

Når ein ser bilete av slanke og svært tynne bikinikledde kroppar, er ikkje dette nødvendigvis synonymt med lykke og suksess. Om ein godtek og vert glad i utgangspunktet ditt, vil du ta bort mykje av det presset du kjenner på, både frå deg sjølv og sosiale medier. Når ein endrar vanane, når ein gjere dei sunne vala, er det ikkje fordi du "må", men fordi du "vil". Det er også ofte slik at mange brukar utseende som ein slags avgjerande suksessfaktor når ein omgås andre. Slik er det ikkje, ikkje eigentleg, sjølv om mange har ein oppfatning av det. Dersom ein ser trent og slank ut, vert ein automatisk oppfatta som eit vellykka menneske. Dette vil eg påstå er ein overfladisk tankegang, som vert forsterka gjennom sosiale medier.

Sjølv har eg trent mykje opp gjennom åra og gjort alle dei klassiske feila. I mange år trente eg altfor mykje og kiloene raste av. Og ja, det er fryktelig vanskelig å ha eit avslappa forhold til trening og utseende når ein blir hekta på kropp, trening og kosthald. Eg har opplevd heile spekteret av følelsar knytta til kropp og utseende. Alle mine erfaringar tilseier at livet er betre å leva dersom ein heile tida tenkjer langsiktig når det kjem til trening, kropp og kosthald. Ein må lata kroppen vera eit resultat av livet ein lever, og ikkje lata livet vera eit resultat av kroppen ein ønsker seg.


Godta den du er, du er god nok !!! Ha langsiktige mål, oppnå treningsglede og den sunne kroppen vil halda seg heile året rundt :)