søndag 30. november 2014

Tidsklemma - ord til ettertanke

Tidsklemma er ein forhaldsvis ny og populær betegnelse på ein følelse av at tida ikkje strekk til, for det ein må gjera eller ønsker å gjera. I Norge er psykolog Sissel Gran blitt kalla "tidsklemmas mor", men Krf-ledar Valger Svarstad Haugland var den fyrste som brukte begrepet offentleg (år 2001), og det blei kjendt på folkemunn. Problemstillinga er sjølvsagt eldre, og det ser ut som at det er blitt meir aktuelt etter 1945.





Dei fleste kjenner seg nok igjen i tidsklemma - i alle fall no før jul. Jobben krev at måltala skal oppnås før nyttår, gåvene må lagast og kjøpast, huset skal sjå ok ut, eit julebord eller tre, og masse masse meir som ein føler bør bli gjort før jul. Då er det viktig ikkje gløyme seg sjølv, og finne ein måte å hente energi til alt. Det er masse energi å hente i å vera fysisk aktiv. Alle har tid til 30 min om dagen til seg sjølv, med effektiv trening.

Det kan vera så enekelt som styrketrening i stova med bruk av eigenvekt, dersom ein ikkje har tid til å komme seg ut. Armhevingar, situps, dips på stovebordet, rygghev, knebøy utan vekter, spensthopp, slag og spark, hoppetau, og avslutte med litt dansing til god musikk. Dersom du klarar å komme deg ut i frisk luft, bruk 20 min på ein løpetur med intensitet 4,(skala på 1-5). Avslutt med armhevinger og situps. Effektivt og kjapt med tidsklemma i tankane.


Tid er kostbar, ikkje la tidsklemma og anna støy koma i vegen for at du ikkje har tid til deg sjølv. I det lange løp vil det gi deg så mykje meir… Ord til ettertanke...








 

tirsdag 25. november 2014

SKIGLEDE

Mi helg blei tilbringa på Geilo. Endeleg fekk eg min fyrste skitur for sesongen. Det var ikkje så altfor mykje snø, men meir enn nok til å spenne på seg skiene og stake i veg. Geilo ligg midt mellom Oslo og Bergen, og det er veldig praktisk å komme seg dit med toget fra begge byene. Dersom ein vel å bu på hotell, ligg dei fleste i nærleiken av togtasjonen. Geilo har mykje å by på, både sommer og vinter. På vinteren er det skibakken og langrennsløypene som trekk til seg flest folk. Sjekk ut heimesida til Geilo.

http://www.visitnorway.com/no/reisemal/ostlandet/hallingdal/geilo/



                                                          Snødekt Geilo i solskinn




                                                       Veldig nøgd etter ein fin skitur


Langrenn er eit meget bra alternativ for uthaldenheitstrening, i tillegg til at aktiviteten er svært gunstig for kroppen mtp skader og at ein trenar heile kroppen. I tillegg kjem ein seg ut i frisk luft, og får "gratis" naturopplevingar. Når det er snakk om idrettskadar er skadefrekvensen i lagidrett størst, rundt 40-50%, medan idrettskadar ved idretten langrenn, ligg skadeomfanget på rundt 5 %.

Eg krysser fingrene for ein snørik vinter. God skitur !!!


søndag 16. november 2014

Livsnødvendig for oss mennesker...

Vitmanin og mineral er livsnødvendige for oss mennekser, i små dosar. Vitaminene bidreg særleg i reaksjonane der næringsstoffa blir forbrent. Ein biokjemikar ved navnet Kazimierz Funk, innførte dette begrepet då han oppdaga og isolerte det første vitaminet B1 i 1912. Det er ein organisk forbinding som vi treng i små dosar for at vårt stoffskifte skal fungera normalt, og det kan ikkje produserast av kroppens celler, med unntak av vitamin D.

                                                  Treng vi dette ???

Eg høyrer stadig diskusjonar og livlige debattar om kosttilskot, og det med å tilføre kosten tablettar o.l med vitamniner. Nokon hevdar at sjølv eit sunt kosthald inneheld for lite vitamin og mineral, og at vi i tillegg kan oppnå ekstra helsegevinst i form av redusert risiko for alvorlege sjukdomar, t.d. hjarte- og karsjukdomar, ved å ta store dosar av enkeltvitaminar. Andre igjen, spesielt helsedirektoratet i Norge hevdar at tilskot er unødvendeg her til lands. Dette med unntak av jern og folat til kvinner spesielt, og vitamin D, spesielt til barn og eldre. SÅ, kven skal vi tru på ? Eg går for eit sunt, variert og næringsrikt kosthald :) 

                                                Eg stemmer for denne :)


Mangel på vitamin i kosten kan føra til svikt i viktige stoffskiftfunksjonar. Dei ulike stoffa har ulik oppbygging og vil difor ha ulike funksjonar og verknader. Vi skiljer mellom vannløyslige B og C, og feittløysige A, D, E og K. Dei vil oppføre seg ulikt når dei blir tatt opp i kroppen. 

Vannløyslige vitmaninene er stoff som vi skil raskt ut, og faren for overdose er liten. Ulempa er at vi treng ein jamn tilførsel av dei, og helst dagleg. Feittløslige vitaminene vert lagra i kroppen. Det betyr at vi ikkje treng å få i seg desse vitaminene så ofte. Faren er at moglegheiten for overdose er tilstades. 

VANNLØYSLIGE

B-vitamin har 8 undergrupper. Dei har mange felles eigenskapar, og er svært viktige i prosessen der mat blir omdanna til energi. Gode kjelder her er fisk, egg, ost, nyrer, lever, melk, oksekjøt, gjær, grove kornprodukter, nøtter, frukt og grønnsaker.

C-vitaminer er ein svært viktig antioksidant. Dette bidreg til oppbygging og vedlikehald av bindevevet i kroppen. Eit vanleg, variert kosthald med mykje frukt, grønnsaker og poteter vil som regel dekka behovet. Nye studier kan tyde på at dei som røyker har eit auka behov for vitamin C.

FEITTLØYSLIGE

Vitamin-A, vert opte kalla "øyets vitamin". Det er ein viktig antioksidant, og svært viktig for kroppen sitt forsvar mot virus. Vitaminet lagres i kroppen sitt feittvev, og eit friskt menneske kan ha lagre av dette som varer i mange år. Gode kjelder er lever, leverpostei, feit fisk, egg, margarin, H-mjølk, smør, ost, frukt, grønnsaker med sterke fargar, tran. 

Vitamin-D er ein viktig funksjon for å sikra nok opptak av kalsium fra tarmen vår. Det er viktig å få i seg nok heilt frå barndomen av, for å unngå beinskjørhet i eldre år. Kroppen vår lagar vitamin-D sjøv, når vi er ute i sola. Mat som inneheld dette er feit fisk, fiskerogn og lever. 

Vitamin-E er feittløslig som vi finn i planteolje, kornprodukter, nøtter og avocado. Det er ein svært viktig antioksidant som beskytter cellemembranen vår.

Vitamin-K er nødvendeg for at blodet skal koagulere (levre seg). Grønnsaker er gode kilder til dette. 


tirsdag 11. november 2014

Smoothie og sånn...

Eg hugsar tilbake då eg var 15 år, og var i USA for å gifte bort systri mi. Vi var tidleg ute på morgonen for å kjøpe "beagels and smoothie", som slektningen min ofte gjore. Ikkje visste eg kva det var den gangen, men det var ein ny og utruleg smaksrik oppleving. Ein ny verden åpna seg for meg, og etter den gang er smoothie ein av favorittane mine. Ein kan variere så utruleg mykje, og lage sin eigen oppskrift. Det er ein utruleg fin måte å få i seg masse frukt, bær og ikkje minst grønnsaker på, spesielt drikk eg smoothie etter trening.



Litt fakta

Smoothie er ein kald, litt tjuktflytande drikk laga av mellom anna frukt, bær og grønnsaker. Berre fantasien set grenser her. Dette vert mosa i ein hurtigmikser. Smoothie er ofte marknadsført mot helsebevisste konsumentar, og ein drikk ein gjerne lagar/kjøper etter trening. Smoothies oppsto seint på 1960-talet når helsekostbutikkar i USAbyrje selja drikker laga av fruktpùre. Ein amerikanar ved navnet Stephen Kuhnau, grunnla smoothie-franchisen "Smoothie King. Han hevda å ha oppfunne navnet, og sidan han i utgangspunktet jobba med milkshake, men ikkje tålte melkeprodukt sjølv, serverte han kundane sine drikker laga kun av knust frukt. Dermed oppstod smoothien :)

Mine favoritter

(Til ca 2 porsjoner)

Nr. 1
1 stk kiwi, skrelt og delt i bitar
1/2 papaya, skrelt i biter
2 stk appelsiner, skrelt i biter
3 stk isbiter
2 ts revet ingefær
3 dl appelsinjuice

Alt dette smeller du saman oppi blenderen. Lurt å tilsette kiwien til slutt. Da unngår du at kiwifrøa blir knust, noko som kan gi ein litt beisk smak. Server umiddelbart.

Nr. 2

3 stk gullerøtter
1 sppelsin
1/2 honningmelon
4 isbiter

Nr. 3

3 blader romanosalat
100 g brokkoli i små bunter
1/2 avocao
1/2 agurk
1/4 honningmelon
1 ts revet ingefær
2 dl eplejuice
6 isbiter

Denne er ei vitaminbombe utan like. Her er det berre å vaske alle grønnsakene og skjære dei opp i biter.  Køyr så alt i blenderen til fargen vert lysegrønn.


                                              GOD SMOOTHIE !!!

mandag 3. november 2014

Gamalosten - proppfull av protein

Protein

Protein er nødvendeg for oppbygginga av nye celler - både under vekst og til vedlikehald av kroppen vår. Helsedirektoratet i Noreg anbefalar eit inntak av protein, på mellom 10-20 prosent av kosten per dag. Like etter trening er det ofte smart å fylle på med eit lite måltid karbohydrat, men ôg proteiner. Personar som fokuserar på styrketrening har ofte eit større fokus på protein inntak etter trening, og i kosten elles. 

Protein er store molekyler som er bygd opp av aminosyrer. Protein deltek på ulike måtar i alle livsprosessar i kroppen, og blir mest brukt til å bygge opp nye celler. Proteinet kan ôg brukast til energi, men her spelar dei vanlegvis liten rolle i forhald til karbohydrat og feitt. 

Gode proteinkilder er fisk, kjøt, melk, ost, egg, korn, bønner, nøtter. Sist men ikkje minst vil eg nevne gamalosten, som er ein type ost med eit svært høgt proteininnhald. 

Gamalosten

Denen osten har sitt opphav i Vik, heimbygda mi, og det er på det lokale meieriet den vert produsert. Dette er ein fast muggost med røter heilt tilbake til vikingtida. Navnet har den fått pga at osten blei lagra i lang tid på stølane frå gamalt av.



Gamalosten er eit tradisjonsrikt produkt, og har fått stor internasjonal merksamd, mellom anna fordi den har eit svært høgt protein innhald, 50 %, og kunn 1 % feitt og karbohydrat. Den er saltfattig og er eit reint naturprodukt. Den har ein skarp smak, er saftig og grov. Det eg vil anbefale, er som pålegg på knekkebrød/kjeks/flatbrød, saman med smør, rømme og syltetøy eller toppa med drue. Osten har som nevnt ein skarp smak, men saman med rømme og syltetøy vert det ein utruleg god kombinasjon.

Effektar

Gammalosten har påviste positive effektar. Ein nyleg doktorgrad frå Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) på Ås, viser at gammalosten har helsefremjande verknad. 

Den inneheld såkalla "peptider", som er blodtrykkssenkande. Effekten av dette aukar på veg gjennom fordøyingssystemet vårt. I tillegg inneheld osten store mengder vitamin K2, som er gunstig for beinbyggjing og hjarta, som er påvist å vera hemmande for kreft. 

Festival

Sist kan eg nevne at i Vik, har vi gamalostfestival. Då feirar vi osten og har mellom anna gratis frukost til alle i bygda på laurdagen. Då serverast gamalost såklart.