tirsdag 11. november 2014

Smoothie og sånn...

Eg hugsar tilbake då eg var 15 år, og var i USA for å gifte bort systri mi. Vi var tidleg ute på morgonen for å kjøpe "beagels and smoothie", som slektningen min ofte gjore. Ikkje visste eg kva det var den gangen, men det var ein ny og utruleg smaksrik oppleving. Ein ny verden åpna seg for meg, og etter den gang er smoothie ein av favorittane mine. Ein kan variere så utruleg mykje, og lage sin eigen oppskrift. Det er ein utruleg fin måte å få i seg masse frukt, bær og ikkje minst grønnsaker på, spesielt drikk eg smoothie etter trening.



Litt fakta

Smoothie er ein kald, litt tjuktflytande drikk laga av mellom anna frukt, bær og grønnsaker. Berre fantasien set grenser her. Dette vert mosa i ein hurtigmikser. Smoothie er ofte marknadsført mot helsebevisste konsumentar, og ein drikk ein gjerne lagar/kjøper etter trening. Smoothies oppsto seint på 1960-talet når helsekostbutikkar i USAbyrje selja drikker laga av fruktpùre. Ein amerikanar ved navnet Stephen Kuhnau, grunnla smoothie-franchisen "Smoothie King. Han hevda å ha oppfunne navnet, og sidan han i utgangspunktet jobba med milkshake, men ikkje tålte melkeprodukt sjølv, serverte han kundane sine drikker laga kun av knust frukt. Dermed oppstod smoothien :)

Mine favoritter

(Til ca 2 porsjoner)

Nr. 1
1 stk kiwi, skrelt og delt i bitar
1/2 papaya, skrelt i biter
2 stk appelsiner, skrelt i biter
3 stk isbiter
2 ts revet ingefær
3 dl appelsinjuice

Alt dette smeller du saman oppi blenderen. Lurt å tilsette kiwien til slutt. Da unngår du at kiwifrøa blir knust, noko som kan gi ein litt beisk smak. Server umiddelbart.

Nr. 2

3 stk gullerøtter
1 sppelsin
1/2 honningmelon
4 isbiter

Nr. 3

3 blader romanosalat
100 g brokkoli i små bunter
1/2 avocao
1/2 agurk
1/4 honningmelon
1 ts revet ingefær
2 dl eplejuice
6 isbiter

Denne er ei vitaminbombe utan like. Her er det berre å vaske alle grønnsakene og skjære dei opp i biter.  Køyr så alt i blenderen til fargen vert lysegrønn.


                                              GOD SMOOTHIE !!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar