mandag 22. desember 2014

MÅL I LIVET



                                           Nøkkelen til suksess - "Lev for det du trur på" 




Fyrste timen med ein kunde eg har, brukar vi tid saman på å setje oss mål for treninga. Dette gjeld både kortsiktige mål og mål langt fram i tid. I tillegg er det fint å ha eit draumemål. T.d sjå for seg at du vinner eit løp/konkurranse. Det å setja seg mål mtp trening ôg ellers i livet, vil eg påstå er ein god ting. Det er mange grunnar til det. Eg har valgt fylgjande grunnar til å setje seg mål :

  1. Vi vert meir bevisste når vi skriv ned måla. Vi må "smake" på orda, velge og prioritere. Vi vert  
      meir presise, og aukar intensjonen for å nå måla.

  2. Det oppstår ein forpliktelse når vi beskriver det vi har tenkt å få til. Del gjerne måla med andre.

  3. Din PT eller dine venner/kollega/sjef som du fortel måla til, vil kunne hjelpa til med å oppnå dei -
      finne dei verktøya som tek oss frå A til B.




Eg vil anbefale å skrive måla ned på papir, ikkje på PC. På papiret blir dei meir synlege. Legg gjerne til eit motiverande/morosamt bilde til det du noterer. Etter du har notert ned, ikkje legg dei i ei skuff, men heng dei opp der du ofte er. T.d på kjøleskapet, på badet, ved nattbordet o.l. Hjernen vår liker bilder, og trur på det den ser ofte.

Forskning viser at mindre enn 10 % av vår befolkning skriv ned måla som vi ønsker å oppnå. Samtidig viser det seg at over 90 % av oss trur det lønar seg å gjera dette. Kvifor er det ikkje fleir av oss som gjere dette ? Det kan vera at ein ikkje er vandt med dette frå barndomen/grunnskulen, og er difor ikkje bevisst på at dette er viktig. Ein veit rett og slett ikkje korleis ein skal gå fram. Den andre grunnen er at folk er redde for at måla ikkje skal bli nådde. Ein er redd for å mislukkast. Den tredje grunnen er at ein er engstelig for konsekvensane av kva ein endring kan medføra.

På bakgrunn av dette må ein gjera målsetjing og måloppnåing til ein vane, resten av livet. Fokuser på det du vil ha, heller enn dei tinga du ikkje vil ha. Sørg for å dele måla dine med din PT/coach/venner som støtter deg i å nå desse måla.

MODELL FOR MÅLOPPNÅING

Eg vil heilt til slutt dela ein modell for måloppnåing. Den har fire fasar, og hensikta er å få til meir av det ein ønsker. Ver målorientert og fokusert mot det som er viktig for deg - det du ønsker å vera og ha i ditt liv.

Dream à Define à Distribute à DO IT !!!