søndag 30. november 2014

Tidsklemma - ord til ettertanke

Tidsklemma er ein forhaldsvis ny og populær betegnelse på ein følelse av at tida ikkje strekk til, for det ein må gjera eller ønsker å gjera. I Norge er psykolog Sissel Gran blitt kalla "tidsklemmas mor", men Krf-ledar Valger Svarstad Haugland var den fyrste som brukte begrepet offentleg (år 2001), og det blei kjendt på folkemunn. Problemstillinga er sjølvsagt eldre, og det ser ut som at det er blitt meir aktuelt etter 1945.





Dei fleste kjenner seg nok igjen i tidsklemma - i alle fall no før jul. Jobben krev at måltala skal oppnås før nyttår, gåvene må lagast og kjøpast, huset skal sjå ok ut, eit julebord eller tre, og masse masse meir som ein føler bør bli gjort før jul. Då er det viktig ikkje gløyme seg sjølv, og finne ein måte å hente energi til alt. Det er masse energi å hente i å vera fysisk aktiv. Alle har tid til 30 min om dagen til seg sjølv, med effektiv trening.

Det kan vera så enekelt som styrketrening i stova med bruk av eigenvekt, dersom ein ikkje har tid til å komme seg ut. Armhevingar, situps, dips på stovebordet, rygghev, knebøy utan vekter, spensthopp, slag og spark, hoppetau, og avslutte med litt dansing til god musikk. Dersom du klarar å komme deg ut i frisk luft, bruk 20 min på ein løpetur med intensitet 4,(skala på 1-5). Avslutt med armhevinger og situps. Effektivt og kjapt med tidsklemma i tankane.


Tid er kostbar, ikkje la tidsklemma og anna støy koma i vegen for at du ikkje har tid til deg sjølv. I det lange løp vil det gi deg så mykje meir… Ord til ettertanke...








 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar