søndag 31. august 2014

C-vitamin sjokket

Sidan eg kom heim frå ferie forrige helg, har tida gått med til å pleie helsa. Forkjølelse og verk i kroppen er ingen god følelse når ein skal begynne på jobb og skal ha bygd opp masse energi ila ferien. Det tok litt tid å bli frisk. Det er alltid lurt å lytte til kroppen, og då spesielt mtp trening.

Trening/idrett og sjukdom, er noko som helst ingen vil trekke forbindelse med. Men det er ikkje sjeldan at folk som er aktive, mosjonistar eller idrettsutøvara blir sjuke. Då er det smart å ha treningsfri til ein er symptomfri, og fungerar slik ein bør. Ein høyrer ofte om idrettsutøvera som blir sjuke. Dei trenar hardt og bryt kroppen ned, samt at dei er i tett kontakt med kvarandre og med ulike klima. For utøvera og mosjonistar er det difor viktig å restituere kroppen etter trening. Dette kan vera å fylle på med energi like etter trening, ha "riktige" klær på, skifte klær like etter trening for å unngå fryse, unngå dråpesmitte av andre, osv.  

Dette er nokon få tips i korleis unngå å bli sjuk. Lista er laaaang. Men det er greit å hugse på det grunnleggande, fordi det passar ALDRI å bli sjuk. Det er øydeleggande for formen på trening, og det er fryktelig kjedelig.

                                          Ein vil helst at kroppen skal fungere slik !!!


C-vitamin sjokk

Eg trur dei fleste har høyrt myten om at dersom ein er blitt sjuk, spesielt ved forkjølelse, bør ein ta eit C-vitamin sjokk. Det er svært mange som trur på, og har prøvd dette, inkludert meg. Men fungerar dette eigentleg ?!? Det finst faktisk svært lite forskning som beviser at dette skal kunne hjelpe eller forebygge forkjølelse. Nokon forsøk som er blitt utført, viser at det skal kunne lette symptomene dersom ein startar tidleg. Men den positive trua på at dette verkar, den såkalla "placebo-effekten", kan imidlertidig gjera at ein føler seg betre.

Akkurat det viser ein tysk studie, Institute for Quality and Efficiency in Health Care. I studien deltok over 11 000 personar. Dei fekk beskjed om å ta C-vitaminer med det same dei kjendte seg små dårlig og brygga på forkjølelse. Det personane ikkje visste, var at halvparten fekk placebopiller, og ikkje ekte C-vitaminer.

Resultatet på studien viste at det blei like mange sjuke i begge gruppene. Dette kan vise at C-vitamin sjokket, er ein myte som ikkje er heilt å stole på. Likevel var ikkje vitaminetinga heilt bortkasta. Dei som tok C-vitaminer opplevde nemleg eit kortare sjukdomsforløp- i gjennomsnitt blei dei friskare ein dag raskare enn placebo-gruppa.

Ei anna studie ved sama studiestad, viser at dei fleste vert sunnare av å ete daglege vitaminer, og då helst gjennom kosten, og ikkje piller. I anbefalte dosar verkar alle vitamin forebyggande på ei rekke helseproblem. Det er inntak over dette anbefalte nivået, som blir overflødig og i verste fall skadeleg. Få i deg C-vitaminer dagleg, men ikkje tru at å ete mange kan gjera at du ikkje blir sjuk når du kjenner symptoma. Det blir faktisk fraråda å ete store mengder C-vitaminer. Vitamin som kroppen ikkje klarar å gjera seg nytte av blir nemleg utskilt i urinen. Store dosar kan føre til mageproblem.

T.d. ved urinvegsinfeksjon er det vitenskapleg bevist at det fungerar med C-vitamin, dersom ein kjem opp i over 1000 mg. Det er svært mykje, og magen vil reagere !!! Dersom du ikkje klarar å få i deg nok C-vitamin gjennom kosten, kan kosttilskot vera eit godt alternativ for å dekke behovet. Anbefalt dagleg dose er 60 mg. Det får ein t.d dekka ved å ete ei appelsin dagleg. I tillegg er appelsinga god kilde til B-vitamet folat og rik på fiber.

C-vitamin kilder

* Paprika
* Kiwi
* Appelsin
* Grønnkål
* Brokkoli

Andre råd, dersom ein vil unngå å bli sjuk, er å innta antioksidantar gjennom kosten. Anbefalingar frå dei fleste ernæringsfysiologar er å ete variert, rikelig med grønnsaker, frukt, bær, grove kornprodukt og andre matvarer som inneheld ulike typar antioksidantar.



Antioksidant kilder 

- Granateple
- Blåbær
- Søtpoteter
- Epler

Dersom ein er så uheldig å ha blitt ordentlig sjuk, er vel den beste kuren å halda seg i ro. Finne fram pleddet og favoritt filmen. Noko som eg føler fungerar for meg, er å drikke ingefær-te. Den lagast med kokt vatn, rå ingefær, honning og sitron etter smak. Den blir ekstra god med ein dæsj god juice, som t.d mango.



Men folkens, unngå å bli sjuke. Ta dine forhånsreglar mtp klær, god næring, variert/vitaminrik kosthald og hygiene. Gå ein frisk haust i møte :) 

mandag 25. august 2014

"DER" var kvardagen

Sommaren 2014 går mot slutten, og kvardagen byrjar igjen. Litt tungt første dagane på jobb, men ufattelig herleg og. Sjølv om det går mot mørkare tider, er det ingenting som er betre, spørr du meg. Eg elskar hausten !!! Det å koma seg inn i rutinar igjen, ny motivasjon for å trene bort dei ekstra sommar kiloane, sette seg nye mål, kjenne den friske haust lufta som vi er så heldige å ha her i Norge. Vi har moglegheiten til å gå i fjellet, nyte dei vakre haustfargane, byrja med å kveike stearinlys på kveldane…. Ja, lista er mykje lenger, men eg har nevnt dei viktigaste.

I august og september byrjar treningsstudioene å bli fulle. Til irritasjon for nokon, men eg tenkjer; så utrulig bra. Ingenting er betre enn at folket tek tak i eiga helse og byrjar trene. Berre denne motivasjonen fortset utover, og i det lange løp. Det hadde vore positivt for helse Norge. Så folkens, det er på tide å setje seg nye mål for treninga og utover hausten, realistiske og draume mål. Eg har to nye mål denne hausten, som eg har stor tru på at eg skal klare. Og så har eg eit langsiktig/draume mål. Det får eg sjå på om eg klarar.

Eg oppfordrar alle til å setje seg ned i kveld og skrive ned minst 3 mål ein vil oppnå med treninga og kosthaldet. Tenk gjennom korleis du vil nå måla dine, og start allereie i morgon. Det medfører oftast at rutinar/vanar må forandras, men det er det som må til. Ta dei treppene, i staden for heisen. Stå opp ein time før på morgonen, ein gang i veka, og gjer unna treninga… Det er små grep som skal til for å få det til. Skriv måla dine på eit ark i prioritert rekkefygje. Du kan ramme det inn slik at det er blir forbunde med noko positivt, og heng det på kjøleskapet. Prøv !! Det funka for meg :)

Min ferie er over. Siste veka var eg i Barcelona med Sigrid, og vi la fine planar for framtida vår, og spesielt i haust. Eg og Sigrid skal nemleg begynne på eit nytt prosjekt saman :) Nedanfor har eg lagt ut nokon fine ferieminner fra Barcelona.


                                          Meg på morgenjogg, på toppen av OL-anlegget



                                                   Sigrid skålar for tapas og vinos !!!


                                          Barcelona kunne kunsten med tapas og vin.


                                                            07:00 på morgonen…


                                                     Vin på takterrassen… FERIE !!!







tirsdag 12. august 2014

På loffen i Lofoten

Eg er så heldig å ha ei veninde som heiter Tone som er fra Lofoten. Vi blei kjendt i praksisåret mitt i Kirkenes. Meg og Tone planla tur til Lofoten denne sumaren, og jammen klarte vi utføre planane, og eg fekk vera med ho til Lofoten og til heimstaden hennar; Leknes. Ei vakker perle i vakre Lofoten. Vi flaug til Trondheim, tok Hurtigruta til Vestvågøy, og gjekk mykje i fjellet, samt opplevde Leknes på sitt beste. Alt blei betre enn eg turde å drøyme om. 

Vi og alle pensjoniastane segla med Hurtigruta frå Trondheim til Vestvågøy. Vi gjekk på kl. 12 i Trondheim og kom i land kl. 19 dagen etter. På denne båten hadde vi forsikra oss om at det var treningsrom, badstu og boblebad på dekk. Det var ein spesiell oppleving å springe på mølle medan eg såg rett ut på havet. Det same med badstua og boblebadet.

                   



Da vi kom til Leknes stod alle mytene ved nordlandsk gjestfrihet til lags. Eg følte meg svært velkommen hjå foreldra til Tone. Takk til Haldrid og Arild for fantastiske opplevingar, gjestfrihet, samtalane og oppvartning. Eg kunne ikkje fått det betre !!! Nedanfor viser bilde av foreldra til Tone, og middag
nr. 2 kl. 23:30. Ordentlig "feskemiddag, rett fra havet". Meg, Tone, Malin og Øyvind var på havet og fiska siste kvelden. Eg var litt skeptisk til så stor fisk, men det gjekk bra.





                           


Fakta om Lofoten og Leknes
Leknes ligg i Lofoten, som er ei øygruppe i Nordland fylke. Dei største øyene frå aust til vest er Austvågøy, Gimsøya, Vestvågøya, Flakstadøya, Moskenesøya, Værøy og Røst. Lofoten er kjendt for ein særeigen natur med fjell og tinder, storhav og lune viker, strender og store uberørte landområde. Leknes er ein by i Vestvågøy kommune i Nordland, og fekk bystatus i 2002, og er ein av to byar i Lofoten saman med Svolvær. Leknes har per 2008, 3176 innbyggjara. Leknes har fantastisk natur å by på. Det som er det viktigaste og flottaste for meg, er sjølvsagt naturen. Dei spisse og bratte fjella, dei krittkvite strendene og fisking på havet er heilt spesiellt her oppe. Leknes har lufthavn, og er blant dei mest trafikerte kortbaneflyplassane i Noreg, i tillegg til at det er knutepunktet for bussruter i Lofoten. Havna ved Leknes er mykje besøkt av cruiseskip, med over 60 anløp ila eit år. Leknes er handelssentrum for Vest-Lofoten med eit breidt utvalg av butikkar. 



Fjellturar
På fire dagar i Leknes, toppa vi 5 fjelltoppar. Fylgjande toppar har eg vore på: Smørdalskammen (450 moh), Bjørntinden, Guratinden (581 moh), Justadtinden (738 moh) og Skottinden (671 moh).

                                                  Tone er på kanten, på Skottinden.

                                        Panorama bilde fra Skottinden. Utsikt på alle kantar.

Eg føler meg heime i fjellheimen. Eg har vakse opp mellom fjord og fjell, og det er på fjellet eg føler at eg verkeleg har ferie. Det er utruleg god trening for kropp og sjel å koma seg opp på toppen og nyta den vakre naturen her i Noreg. Sjølv om eg føler meg i brukbar form om dagen, og trenar jamt, er det heilt noko anna å gå i fjellet. Her blir det brukt muskelgrupper som ikkje blir nytta på joggeturar, og i treningsstudioet. JA, eg blei stiv, men det er ein god følese. Bein og baken fekk gjennomgå på denne ferien.

Strendene
Strendene i Lofoten er magiske. Krittkvite strender, iskaldt, reint og klårt hav, stupbratte fjellsider like ved, surfere frå heile verda, og glade folk. Det var rart å tenkja på at eg var i Noreg, og så langt nord. Men ja, det var heilt riktig.

Den mest magiske opplevinga av strendene var Kvalvika. Dette er ei vik på nordaustsida av Moskenesøya. Då eg kom over haugen som leia til stranda, åpna landskapet seg ut mot havet, og stranda låg som eit paradis nederst i vika. Den følelsen var god den. Tida står stille, og ein berre beundrar landskapet.





Havet
Siste kvelden min i Lofoten brukte vi på å dra ut på havet. Lofottorsken er jo kjendis over heile verda. Vi kom i lag, 4 stk, og leigde guide og båt. Turen vara i fleire timar. Med fantastisk godt selskap, guide, strålande sol og det å prøve seg på fiskelykka - det kunne ikkje bli misslykka - både med og utan fisk. Men jammen hadde eg ikkje lukka med meg. Lofottorsken beit på - og det blei mat for mons :) 

Takk
Takk familien Horn, takk Lofoten og Leknes for fantastiske opplevingar !!! Eg har fått vore mykje i aktivitet, og det har vore balsam for sjela. Eg anbefaler alle til å ta turen oppover hit, dersom dykk er så heldig å få tid/moglegheit til det. Eg føler meg ekstremt heldig. Den aktive trenden skal fortsettja vidare i ferien. 

Stå på folkens, god tur i fjellet eller på treningsstudioet. Kvardagen er allereie, eller byrjar snart. Det hjelp å halda formen ved like. Hugs ; TRENING ER FERSKVARE :) 

onsdag 6. august 2014

Trening på ferie

Sommarferien er kanskje over for mange, og håpar det har vore ein fin sommar for dykk. Eg for min del har spart ferien til slutten. Ferien byrja 1. august, og den skal vare i 3, forhåpentlegvis fine veker. Den blir tilbringa i skrivande stund på Hurtigruta, deretter Lofoten på fjell og fisketurar+++, og toppe alt med ei veke i Barcelona. Alle vekene med gode veninder.

                                        God smak av sumar !!! 1 år sidan i Barcelona.
                               
Då er spm godt folk, klarar du å legge inn treningsøkter i ferien ? Dersom ein ikkje skal falle heilt ned til utgangspunktet, før du byrja å trene, bør ein klare å legge inn økter ila ferien. Sidan ferien omhandlar mykje reise, famile og venetid, festlegheitar og seine kveldar, kan ein legge inn korte men effektive økter, i staden for det som ein har for vane. Det er ikkje mykje som skal til, og husk ; "TRENING ER FERSKVARE" !!! Det vil bli så mykje enklare å byrja opp igjen med gode vanar etter ferien dersom ein held det ved like i ferien.

For mange er det å halda formen ved like og ikkje falle heilt ned til utgangspunktet, som er det viktigaste i ferien. Eg, for min del, vil bruke store deler av tida mi i ferien på trening og naturopplevingar. Det vil eg prioritere mykje denne ferien :)

Nedanfor har eg lista opp råd og tips om korleis ein kan halda kroppen ved like i ferien, både med styrketrening og uthaldenheit.

STYRKETRENING

Tung styrketrening treng ikkje vera mangelvare dersom ein skal vera borte frå treningsstudio i nokre veker. Her er det berre fantasien som begrensar, og øvelsane kan vera inspirerande og tilogmed utruleg morosame. Det kan vera lurt å ha ein treningskamerat, og at ein avtalar økter. Då er det ikkje så enkelt å sluntre unna. Øvelsane eg vil foreslå passar like bra på stranda som på hytta, og ein kan vera vektstanga til kvarande.

*Nordic hamstring
Muskelgruppe: Her trenar du låra, korsryggen, rumpa og leggane.
Utførelse:         Partneren sit på dine leggar, slik at du ikkje tippar framover. Du slepp deg kontrollert og   sakte framover medan du strammar baksida av låra så mykje du kan for å halda igjen. Når du kjem ned i underlaget tek du deg for med hendene, på same utgangsposisjon som armhevingar. Denne øvelsen er tung for dei fleste. Det held med ca 6-8 repetisjonar.

*Pushup, med "high five"
Muskelgrupper: Her trenar du heile framsida av kroppen; mage, bryst, skuldre og armar.
Utførelse:          Still deg i pushupsstilling med ansiktet mot partneren. Ta ein pushup og klapp kvarandre i hendene. Ta ny pushup og klapp kvarandre med andre handa. Dette kan og vera ein tung øvelse, men blir enklare dersom ein står på knæra. Når ein klappar kvarandre, tek ein high five, blir øvelsen gøy !!

*Trillebåra (den gode gamle frå gymmen på barneskulen)
Muskelgrupper: Mage, rygg, armar.
Utførelse:          Her held ein strake armar mot underlaget, medan partneren held beina dine i strak posisjon. Øvelsen er tung, og 10-20 skritt kan for ein godt trent person, vera meir enn nok.

*Utfall bakover
Muskelgrupper: Framside og bakside lår, rumpa og kjernemusklar.
Utførelse:          Partneren sit på ryggen din, og held seg godt fast. Set foten din eit godt stykke bakover, heilt til kneet forsiktig berører underlaget. Løft deretter deg sjølv opp igjen ved å bruke den fremste foten til å dra deg opp, samtidig som du sparkar ifrå med bakerste foten.

*Beinstøt
Muskelgrupper: Mage
Utførelse:          Legg deg strak ut på underlaget. Partneren står over deg, med beina sine ved hovudet ditt. Du held i din partner sine leggar/bein, og strekker beina dine strak opp mot taket. Rompa blir i underlaget. Partneren dytter begge beina dine mot underlaget så hardt han kan, medan du held igjen alt du kan. Dette gjentar du ca 15-20 ganger.

*Planken (gode gamle planken, som er svært effektiv)
Muskelgrupper: Core musklane, mage og rygg.
Utførelse:          Hald ein strak kropp. Tenk at det skal gå ei rett linje frå skuldre, bryst, hofte, knær og anklar. Dette er VIKTIG, ellers kan skade fort oppstå og/eller du får ikkje effekten som du skal ha. Stå på tærne, og hald albogane i underlaget. Partneren kan legge ei hand oppå ryggen din for å få det tyngre. Ellers er dette ein tung øvelse, så det skal ikkje mykje til før den blir svært tung. Hald øvelsen statisk i 1 min. Denne svir !!!

UTHALDENHEIT

Dersom ein ikkje har sykkel, rulleski, tredemølle, kano, kajakk osv, er det enklaste eg kjem på : Snør på deg joggeskoene og ta deg ein løpetur på stranda eller i skogen. Dersom det ikkje freistar med høg puls, er det ingenting i vegen for rask gange. Hugs å sving godt med armane, då forbrenn ein meir. Berre ein får blodet til å strøyme i kroppen, held ein ved like formen for ein ferietur.

På mine strandferiar pleier eg å ta ein løpetur på stranda, enten grytidleg eller seint på kvelden, når sola ikkje steiker på det varmaste.

                         Meget nøgd etter kveldens økt med løping på stranda. Boracay 2013.