søndag 26. oktober 2014

Musikk på øyra, regn i håret !!

Hei godtfolk. Korleis er formen no i haustmørket ? Mange kan føle vêret og mørketida på kroppen, og det blir snakka om depresjonar når denne tida melder sin ankomst. Sesongavhengige depresjonar, er ei stemningsliding der personar som til vanleg har ein elles normal psykisk helse, opplev depressive symptom når mørket og kulda melder sin ankomst. Det er ikkje ein eigen stemningsliding men vert kalla “spesifisering av depressive lidingar”.  Nokon personar føler dette hardare på kroppen enn andre, og det kan gå utover dagleglivet.

Nokon kan oppleve ei alvorleg endring i stemningsleiet når årstidene skiftar. Dei kan sove mykje, ha lite energi, og rett og slett føla seg deprimerte. Sjølv om symptoma er alvorlege, vil dei som oftast avta og forsvinne. Ein studie i USA viser at ca 9 % av alle vaksne har ein eller anna grad av desse symptoma. Såklart finst det ulike behandlingar av symptoma. Av dei kan det nevnast sollys/sterkt lys, antidepressiva, kognitiv adferdsterapi, ionisert luft innandørs, tilskot av hormone melatonin, og sist men ikkje minst TRENING.

Hausten er tida for vêrskifte, fleire årstider på same dag og mørke kveldar. For meg, er det ingenting som er betre enn å jogge ute i lett regnvêr. Det er berre å finne fram gode treningsklede som tåler litt regn, favoritt joggeskoa, panneband, hanskane og legge ipoden i ei plastmappe i jakkelomma. Då er eg klar for ein god tur i skauen i regnvêret. Prøv !!! Vêret er inga hindring. Eg skal love deg at du får ein god følelse ute. Ikkje mindre er følelsen god når du kjem i dusjen og får i deg varmen igjen.


For det fyrste er gode trenigsklede og sko kjempe viktig. For det andre blir eg ekstra motivert når eg kjøper meg eit nytt treningsplagg. Det er veldig kjekt å prøve det ut, og ein føler seg ekstra sprek i nye klede. Mine nye favorittplagg, innkjøpt i helga, har eg lista opp nedanfor. Absolutt å anbefale. "Er ein godt skodd, er det større moglegheit for at ferda vert bra". God tur folkens :) 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar