søndag 6. juli 2014

Duft av sommar...

Alle årstider har sin sjarm, og eg er fryktelig glad for at vi har årstider her i Norge. I tillegg til alt det som skjer i naturen, har også kvar årstid sin spesielle mat. Eg er vaksen opp med tradisjonsrik mat på bordet. På hausten var det alltid dagar med fårikål og smalahovud, vinteren ribbe, pinnakjøt og lutafisk medan våren var det typisk å få servert lammekjøtt i min heim på vestlandet. Difor er det så godt å koma heim til mor og få dette servert. Maten som gir så gode barndomsminner, og som minner om ei bestemt årstid.

Sommaren er intet unntak. Typisk for meg gjennom oppveksten, har vore grillmat og soppa. (Flattbrød og surmjølk med sukker og/eller syltetøy) Eg synest det er godt med "lett" mat no på sommaren, slik at ein ikkje blir altfor mett til å t.d plutselig å bli med på beachvolley o.l. Dette gjelder da spesielt sistnevnte, soppa :)

                                     Flatbrød, surmjølk, oregano og sukker :) Nam nam…

"Alt kan grilles" seiest det… Og det kan det verkeleg. Eg har sjølv steikt pizza på grillen, og med dei nye grillane som finst i dag, er ikkje dette eit stort problem. Dersom ein har ein brukbar grill i hagen, kan det ha så store fordeler. For det fyrste er at det kan tilberede så masse forskjellig og ikkje minst ufattelig god og sunn mat. For det andre steiker den masse mat samtidig, og det er ingenting i vegen for at naboen "plutselig" skulle dukke opp. For det tredje lukter det sommer, og gir den ekstra sommerfølelsen etter ein dag på stranda…. Kunne nok nevnt mykje meir.



Ovanfor viser eg grillspyd med masse grøntfor, grilla aubergine og paprika, og siste bilde med favoritten; laks på grill :) Sunt og knall godt !!! Smakar ekstra bra dersom den akkurat er blitt plukka opp med stang !!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar