mandag 7. juli 2014

Sognsvann

Eg har mange gode minner frå Sognsvann. Mykje av grunnen for at det er min favorittstad i Oslo, er at når eg var liten, var eg ofte på besøk til søstrene mine som studerte her. Då fekk eg vera med søstrene mine på turar der oppe, og eg hadde ein utruleg fin oppleving med området. I tillegg kjem ein seg ut av byen, og får ein liten smak av å vera heime i Sogn.  
Sognsvann er ein innsjø i Oslomarka, og den ligg ved markagrensa, nord for Oslo. Vatnet var drikkevatn for Oslo frå 1876 til 1967, men er i dag heldigvis ikkje det lenger. Under istida var faktisk havnivået nesten heilt opp til Sognsvann. Vatnet er eit veldig populært turområde for Osloborgere, og turistar ellers. NIH ligg like ved, og når eg er der oppe, ser eg tidt og ofte toppidrettsutøvera springe rundt vatnet. I tillegg er det utruleg fint for grilling, bading, sandvolley og mykje moro. Det er ein del løp i området, som t.d. Oslo triathlon i august, og ukentlige løp på sommarhalvåret i tillegg til at mange løp tek utgangspunkt i Sognsvann. 
Sognsvann er 3258 meter, dersom ein fylgjer løypa rundt vatnet. Difor er det ypperlig for trening til 3000 meter, som eg gjore ofte når eg øvde til eksamen på politihøgskulen. På vinteren kan ein gå på skøyter eller drive isfiske dersom forholda tillet det. I tillegg blir det køyrd flotte skiløper i området Sognsavnn og innover i Nordmarka på vinteren. Det kan vera svært mykje folk der på typisk søndagar, men dersom ein kjem seg innover i marka åpnar landskapet seg og det blir mindre folk. Det er enkelt å komma seg dit, og eg anbefalar å ta T-bana opp, linje 6, som tek ca 15 min frå sentrum. 

Slik ser det ut ein nydeleg haustdag på Sognsvann

Vettakollen er ein ås (ikkje fjelltopp som Oslofolk kallar det. Ein må til Vestlandet for å oppleva fjell :) Åsen ligg vest for Sognsvann, med flott utsikt over Oslo og nærme Holmenkollen. Her kan ein sjå rett bort på hoppbakken. Åsen ligg 419 moh. Når eg får ordentlig heimlengsel, og helst skulle gått på ordentlige fjelltoppar, tek eg turen opp dit, slik eg gjore i helga. Det var ein nydeleg dag i Oslo:) 

                                      Slik ser utsikta ut over Oslo, fra åsen Vettakollen

I dag regner det i Oslo. Men det er heilt greit. Eg er ikkje heilt i slag, og ligg på ei seng og kviler. Trur kroppen har godt av det avogtil. Full oppladning til morgondagen, og jobb. Sidan eg er frå Vestlandet, i motsetning til folk her i Oslo, blir eg faktisk glad når det regner. Ingenting er som ein joggetur i piskregn, berre det ikkje er kaldt. Då liker eg meg.

                                          Slik såg det ut frå taxi vindauget i dag tidleg….

Dagens høgdepunkt så langt, var lunsjen eg fekk på sjukesenga. Frukostblanding med friske blåbær og eple. Nam, nam. Godt mattips til både frukost, lunsj og kveldsmat…

                                                         Friskt og meget godt


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar