onsdag 16. juli 2014

Kaffi og trening !!

Kaffi er ein av mine lidenskapar. Eg er heilt avhengig av å få kaffikoppen på morgonen. Det blir ikkje det same utan. Det er krise dersom eg ikkje har tida til kaffi på morgonen, eller at det plutselig ikkje er meir kaffi bønner/kapsler igjen. Då går eg til næraste butikk eller brenneri og kjøper meg kaffi. Sånn er det å bu i byen.

                                                    Nespresso huset "mitt" på Karl Johan.

Kaffi er ein drikk som er laga av kaffiplanten. Skal og fruktmasse vert fjerna, og det er einaste kjerna/bønnene som blir tørka, brent og malt. Kaffipulveret varierar på finheiten, etter korleis kaffien skal tilberedast. På 1700-talet blei kaffien brukt i medisinsk forstand, medan i dagens samfunn er dette ein svært poppulær sosial drikk. Kaffibarane i Norge og resten av verda har eksplodert, og det synest eg er heilt på sin plass. Min favoritt kaffi er Starbucks. Beste Americanoen eg kan få. I tillegg får ein kjøpt mange fine koppar der, og eg samlar på Starbucks koppar. Siste innkjøp gjore eg i Istanbul for ei veke sidan. Meget nøgd !!

                                                               Min samling Starbucks !!!

Det er mykje forskning på kaffi dei siste tiåra, og plutselig skal det vera kjempe sunt for kroppen og prestasjonar, og plutselig blir det skadeleg. Kva skal ein tru på ? Korleis kan forskning vise så ulike resultat ? Alt med måte seier eg, noko som gjeld alt ein puttar i seg. Et og drikk ein variert og ikkje for mykje, er det som regel ikkje skadeleg.

Eg vel å tru at kaffi er bra for kroppen og for prestasjonar. Dette fordi eg føler eg presterer betre når eg har fått kaffien min, og fordi eg blir automatisk i godt humør av den. I tillegg vel eg å tru på at det er mykje antidoksar i kaffien, som visstnok er bra for helsa. Pluss mykje meir bra, såklart !!!

Fakta om kaffi

* Før trudde ein at all koffeindrikk var vanndrivande. Men studiar viser at personar som drikk mindre enn 550, dvs ca 7 koppar per dag, ikkje blir dehydrert som fylgje av koffeinet.
* Forskning viser at ein blir pigg og opplagt av koffein. Alt med måte såklart. Ein amerikansk studie tilseier at det optimale er ca 3 kopper kaffi.
*Koffeinet i kaffien er ein av dei mest brukte psykoaktive stoffa som finst. I hjernen blokkerar koffeinet opptaket av adenosin, som gjere at ein føler seg meir våken. Når ein blokkerer for adenosin, vil koffein auke frigjeringa av dopamin og noradrenalin.
*Koffeinet aukar forbrenninga og aukar mobiliseringa av feitt og gjere at ein presterer betre. Gjennom effekt på sentralnervesystemet aukar koffeinet både stoffskiftet og forbrenninga av feittsysrer.
*Koffein vil auke prestasjonsevna gjennom fleir mekanismar, inkludert auka mobilisering av feittsyrer.

Studie om kaffi

Eg viser til artikkel i KK, ein studie, der "LiveScience" har forska på korleis koffeinet påverkar kroppen vår. I artikkelen er overskrifta at kaffi/koffein gjere noko meir enn å kvikke deg opp før trening. Koffein kan nemleg ta knekken på noko av smerta ein kan oppleva å få under ei treningsøkt. Det som skjer er at hjernen ikkje får beskjed om smerten, fordi koffeinet påverkar områder i hjernen og ryggmargen som er innvolvert i smertebehandling. Dette kan føre til at ein orker å løpe raskere og løfte tyngre, fordi ein ikkje kjenner smerta på samme måte. I tillegg viser studien at dersom ein drikk eit par koppar med kaffi før trening, kan det føra til at muskelsmerta og sårheiten reduserast med opptil 50 %.

Les meir om Studien her :

 http://www.kk.no/livsstil/stiv-og-støl-prøv-kaffe-12097

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar