fredag 25. juli 2014

Dritdeilig følelse !!!

Etter å ha lese ein artikkel i eit blad her om dagen, kjendte eg meg så innmari igjen, og det var så bra lesing. Derfor MÅ eg dele det her på min blogg. Håpar eg kan inspirere videre !!!

Etter ei treningsøkt der eg føler eg har prestert, og gitt det eg kan, får eg ein dritdeilig følelse. Det er liksom ingenting som kan måle seg med denne følelsen; rusa på trening. Sjølv om eg er raudsprengt i ansiktet, usminka, og håret står til alle kantar, samma kan det vera !!! Eg går heim fra trening med følelsen av å vera uovervinnelig og uimotståelig. Sjølvtilliten er på topp. Det er ein dritdeilig følelse det. Kjenner du deg igjen?

                       Meg etter endt langrennsøkt, påska 2014. Utrulig glad og nøgd husker eg:)  

Eg veit kor tungt det kan vera å komma seg på trening til tider. Spesielt etter ein slitsom dag på jobben. Eg føler meg trøytt og sliten i kroppen. Likevel tvinger eg meg på spinning på SATS, sidan det er enklare å komme seg på ei fellesøkt enn å trene aleine. Eg ser både på andre og merkar på meg sjølv, kor utruleg stor forskjell det er på min og andre sitt humør før treninga byrjar, og når økta er ferdig. Det er som om alle er 20 kg lettare, og svevar på ei rosa sky. Folket strålar, og alle hjerter gleda seg til den gode samvittigheten som ein kan leve på resten av kvelden. Sjølvsagt merkar eg det ôg på kundane mine på studioet eg jobbar på. Kundane er letta, og kjempe motivert til neste økt, etter endt økt. Det merkast, og det er utruleg gøy å oppleva.

Forskning på om trening og fysisk aktivitet fører til at ein føler seg bedre, er meir enn "bare ein følelse".  Studier viser at fysisk aktivitet har ein dokumentert effekt på sjølvfølelsen. Dei aller, aller fleste får eit betre sjølvbilete av trening.

KJEMISK COCKTAIL

Nedanfor har eg lista opp ulike kjemiske prosessar som skjer i kroppen ved fysisk trening. Enkelte kan oppleve denne kjemiske prosessen som "trenings-rus". Eg unnar kvar enkelt å få oppleva denne tilstanden. Den kan beskrivast som ein "harmonisk, eg rular, svevande lykkefølelse som spreiar seg i kroppen."
  • Endorfiner - Det som skjer heilt konkret i kroppen under fysisk aktivitet, er at kroppen frigjere endorfiner. Når ein trenar blir kroppen stressa, og dermed popper endorfinene ut for å dempe smertene og hjelpe til å halda ut økta. Endorfiner -som er eit biokjempisk signalstoff- blir produsert i hovudsak i bukspyttkjertelen, blir sendt ut i blodet, opp ryggrada og til hovudet. Endorfinane boltrar seg i områda av hjernen som har med følelsar å gjera, som vidare gir følelse av velvære. Endorfinane blir verande i blodet i mange timar etter at det er laga, i motsetning til mange andre signalstoff. Dette er rett og slett KROPPENS NATURLEGE LYKKERUS, som ein umiddelbar, naturleg lykkepille !!!
  • Dopamin - signalstoff som spelar stor rolle om korleis du føler deg. Forskning viser at "rusen" kan samaliknast med rusen ein oppnår ved bruk av kokain. Men det er ein vesentleg forkjell; det skjer på ein sunn og lovleg måte. Mellom anna verkar dopamin på motivasjonen, noko som fører til at du har lysst til å trene videre, sjølv om du er dødssliten. Dopamin kan vera ein av grunnane til at folk forklarer at dei er avhengige av trening. 
  • Serotonin - hormon som aukar når du trenar. Hormonet gir ved trening eit signal til nervebaner som har med humøret å gjera. Difor kan serotonin gjera deg i ekstremt godt humør :) 
  • Adrenalin og noradrenalin - ved hard trening blir dette produsert i binyrene. Stoffene jobbar saman for at du skal vera klar for energipåfyll når du treng det. 

PSYKISK POSITIV VERKNAD

Det som verkeleg bør få deg til å trene, er meir den langsiktige effekten av fysisk aktivitet. Den auka produksjonen av kjemikaler i hjernen, har ein positiv effekt på psyken - ôg på sikt. Det er ikkje berre den øyeblikkelige lykkefølelsen. Sjølv om denne gjev god nok grunn til å trene.

Ved lindring av depresjon og andre psykiske lidingar, viser forskning at fysisk aktivitet har ein svært gunstig effekt på psyken, og kan behandle psykiske lidingar. Noko av grunnen kan vera at ved t.d depresjon reduserast hjernen sitt innhald av serotonin og noradrenalin. Men når ein trenar hardt, så vil konsentrasjonen av stoffa i hjernen auke. Kva er vel betre enn det :) ?

Dei mentale fordelane ved fysisk trening er mange fleir. T.d kan eg nevne at forskning viser klar samangheng mellom kondisjon og intelligens, og at ein lærer raskere ved god kondisjon. I tillegg gir fysisk aktivitet auka sjølvtillit og boblande lykkefølelse, mindre sjangs for nokon gang å bli deppa.


               Bent - ein av kundane mine. Viser ein smørblid kar som akkurat er ferdig med treninga :) 


MESTRING - FYSISK AKTIV VS. ANNA HOBBY

Fysisk aktivitet og trening vil gi framgang dersom ein trenar på ein riktig måte. Framgangen på treninga er målbart. Dette resulterer da i mestring, som er utruleg viktig for sjølvtilliten vår. Fysisk aktivitet er ein arena i livet der ein verkeleg kan oppnå mestring og endring raskt.

Mestring kan og sjølvsagt oppnås ved andre hobbyar, som t.d spele piano, male, spele sjakk osv. MEN amerikansk forskning viser at mestringsfølelsen ved fysisk aktivitet er sterkare. Dette heng mellom anna saman med at temperaturaukinga som fysisk aktivitet gjev, spelar ein meget viktig rolle. I tillegg vil den fysiske aktiviteten bidra til at ein automatisk føler seg betre.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar