tirsdag 12. august 2014

På loffen i Lofoten

Eg er så heldig å ha ei veninde som heiter Tone som er fra Lofoten. Vi blei kjendt i praksisåret mitt i Kirkenes. Meg og Tone planla tur til Lofoten denne sumaren, og jammen klarte vi utføre planane, og eg fekk vera med ho til Lofoten og til heimstaden hennar; Leknes. Ei vakker perle i vakre Lofoten. Vi flaug til Trondheim, tok Hurtigruta til Vestvågøy, og gjekk mykje i fjellet, samt opplevde Leknes på sitt beste. Alt blei betre enn eg turde å drøyme om. 

Vi og alle pensjoniastane segla med Hurtigruta frå Trondheim til Vestvågøy. Vi gjekk på kl. 12 i Trondheim og kom i land kl. 19 dagen etter. På denne båten hadde vi forsikra oss om at det var treningsrom, badstu og boblebad på dekk. Det var ein spesiell oppleving å springe på mølle medan eg såg rett ut på havet. Det same med badstua og boblebadet.

                   



Da vi kom til Leknes stod alle mytene ved nordlandsk gjestfrihet til lags. Eg følte meg svært velkommen hjå foreldra til Tone. Takk til Haldrid og Arild for fantastiske opplevingar, gjestfrihet, samtalane og oppvartning. Eg kunne ikkje fått det betre !!! Nedanfor viser bilde av foreldra til Tone, og middag
nr. 2 kl. 23:30. Ordentlig "feskemiddag, rett fra havet". Meg, Tone, Malin og Øyvind var på havet og fiska siste kvelden. Eg var litt skeptisk til så stor fisk, men det gjekk bra.





                           


Fakta om Lofoten og Leknes
Leknes ligg i Lofoten, som er ei øygruppe i Nordland fylke. Dei største øyene frå aust til vest er Austvågøy, Gimsøya, Vestvågøya, Flakstadøya, Moskenesøya, Værøy og Røst. Lofoten er kjendt for ein særeigen natur med fjell og tinder, storhav og lune viker, strender og store uberørte landområde. Leknes er ein by i Vestvågøy kommune i Nordland, og fekk bystatus i 2002, og er ein av to byar i Lofoten saman med Svolvær. Leknes har per 2008, 3176 innbyggjara. Leknes har fantastisk natur å by på. Det som er det viktigaste og flottaste for meg, er sjølvsagt naturen. Dei spisse og bratte fjella, dei krittkvite strendene og fisking på havet er heilt spesiellt her oppe. Leknes har lufthavn, og er blant dei mest trafikerte kortbaneflyplassane i Noreg, i tillegg til at det er knutepunktet for bussruter i Lofoten. Havna ved Leknes er mykje besøkt av cruiseskip, med over 60 anløp ila eit år. Leknes er handelssentrum for Vest-Lofoten med eit breidt utvalg av butikkar. 



Fjellturar
På fire dagar i Leknes, toppa vi 5 fjelltoppar. Fylgjande toppar har eg vore på: Smørdalskammen (450 moh), Bjørntinden, Guratinden (581 moh), Justadtinden (738 moh) og Skottinden (671 moh).

                                                  Tone er på kanten, på Skottinden.

                                        Panorama bilde fra Skottinden. Utsikt på alle kantar.

Eg føler meg heime i fjellheimen. Eg har vakse opp mellom fjord og fjell, og det er på fjellet eg føler at eg verkeleg har ferie. Det er utruleg god trening for kropp og sjel å koma seg opp på toppen og nyta den vakre naturen her i Noreg. Sjølv om eg føler meg i brukbar form om dagen, og trenar jamt, er det heilt noko anna å gå i fjellet. Her blir det brukt muskelgrupper som ikkje blir nytta på joggeturar, og i treningsstudioet. JA, eg blei stiv, men det er ein god følese. Bein og baken fekk gjennomgå på denne ferien.

Strendene
Strendene i Lofoten er magiske. Krittkvite strender, iskaldt, reint og klårt hav, stupbratte fjellsider like ved, surfere frå heile verda, og glade folk. Det var rart å tenkja på at eg var i Noreg, og så langt nord. Men ja, det var heilt riktig.

Den mest magiske opplevinga av strendene var Kvalvika. Dette er ei vik på nordaustsida av Moskenesøya. Då eg kom over haugen som leia til stranda, åpna landskapet seg ut mot havet, og stranda låg som eit paradis nederst i vika. Den følelsen var god den. Tida står stille, og ein berre beundrar landskapet.





Havet
Siste kvelden min i Lofoten brukte vi på å dra ut på havet. Lofottorsken er jo kjendis over heile verda. Vi kom i lag, 4 stk, og leigde guide og båt. Turen vara i fleire timar. Med fantastisk godt selskap, guide, strålande sol og det å prøve seg på fiskelykka - det kunne ikkje bli misslykka - både med og utan fisk. Men jammen hadde eg ikkje lukka med meg. Lofottorsken beit på - og det blei mat for mons :) 

Takk
Takk familien Horn, takk Lofoten og Leknes for fantastiske opplevingar !!! Eg har fått vore mykje i aktivitet, og det har vore balsam for sjela. Eg anbefaler alle til å ta turen oppover hit, dersom dykk er så heldig å få tid/moglegheit til det. Eg føler meg ekstremt heldig. Den aktive trenden skal fortsettja vidare i ferien. 

Stå på folkens, god tur i fjellet eller på treningsstudioet. Kvardagen er allereie, eller byrjar snart. Det hjelp å halda formen ved like. Hugs ; TRENING ER FERSKVARE :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar