Som personleg trenar er dette noko som kan føre til overdreven mykje fokus på kropp for mange, spesielt unge, noko som ikkje alltid er så bra. Sjølvsagt er dette ein personleg ting, men ein bør tenkja gjennom kva ein ønsker å oppnå ved å fylgja målsetninga som baserar seg kun på utseende og ikkje treningsglede, mestringsfølelse, og sjølvtillit. Dette trur eg ikkje kjem som eit resultat av kortsiktig og utseendefokuserte mål som "sommerkroppen 2015".
Sommarkroppen-begrepet er vanskeleg å definere. Når er ein god nok ? Ein kan bli gåande i ein vond sirkel ved å heile tida ville bli sprekare, tynnere, større eller sterkare. Eg vil påstå at ein heller bør fokusere på kva som er viktig for ein på lang sikt. Spørsmål som; Kvifor ønsker DU å trene? Kvifor er det viktig å spise sunt ? Det bør vera i ein langsiktig perspektiv, ikkje ila nokre få månader. Alle ønsker selfølgelig å ha ein stramm kropp, men ikkje berre på sommaren, og ila få månander. Det kan erfaringsmessig slå feil ut. Det er viktig å godta den DU er. Då er det mest sannsynleg at du blir motivert til å oppretthalde dei gode rutinane også etter sommaren. Ein slepp jojo-effekten i både tankegang og kropp. Den sterke, sjølvsikre og gjennomtrente heilårskroppen har eg mest tru på, og kjem automatisk med på kjøpet ved denne tankegangen.
Når ein ser bilete av slanke og svært tynne bikinikledde kroppar, er ikkje dette nødvendigvis synonymt med lykke og suksess. Om ein godtek og vert glad i utgangspunktet ditt, vil du ta bort mykje av det presset du kjenner på, både frå deg sjølv og sosiale medier. Når ein endrar vanane, når ein gjere dei sunne vala, er det ikkje fordi du "må", men fordi du "vil". Det er også ofte slik at mange brukar utseende som ein slags avgjerande suksessfaktor når ein omgås andre. Slik er det ikkje, ikkje eigentleg, sjølv om mange har ein oppfatning av det. Dersom ein ser trent og slank ut, vert ein automatisk oppfatta som eit vellykka menneske. Dette vil eg påstå er ein overfladisk tankegang, som vert forsterka gjennom sosiale medier.
Sjølv har eg trent mykje opp gjennom åra og gjort alle dei klassiske feila. I mange år trente eg altfor mykje og kiloene raste av. Og ja, det er fryktelig vanskelig å ha eit avslappa forhold til trening og utseende når ein blir hekta på kropp, trening og kosthald. Eg har opplevd heile spekteret av følelsar knytta til kropp og utseende. Alle mine erfaringar tilseier at livet er betre å leva dersom ein heile tida tenkjer langsiktig når det kjem til trening, kropp og kosthald. Ein må lata kroppen vera eit resultat av livet ein lever, og ikkje lata livet vera eit resultat av kroppen ein ønsker seg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar