torsdag 5. mars 2015

NYC - treningsleir

På min bursdag, 26.februar, satte eg, Sara, Arna og Berit nasa over Atlanterhavet og landa i New York. Turen som vi hadde gleda oss sånn til, telt ned dagar og timar. Endeleg ei veke i "the land of dreams". Turen over gjekk veldig bra. Vi fekk eit heilt splitter nytt SAS fly, og god plass. Ein liten strek i rekninga var at eg ikkje fekk kofferten min, som kom etter heile 5 dagar. Tenkte eg ikkje ville bruke tida på shopping, men eg hadde ingen val :)

                                                                 Reisefølget mitt <3


Fakta om NYC
New York, som offesielt vert kalla City of New York, er den aller største byen i USA. Byen ligg i delstaten New York, og har 8,5 millionar innbyggjera. Sjølve storbyområdet er eit av dei mest folkerike områda i verda med heile 22, 2 millionar innbyggjera. Byen består av bydelane Bronx, Brooklyn, Manhatten, Queens og Staten Island. New York er eit av verdas viktigaste økonomiske og kulturelle knutepunkt og har ein lang rekke med kjendte museer, teater, galleri, mediahus og internasjonale selskaper samt børsinstitusjonar. 40 millionar turistar besøker New York kvart einaste år, og det var ikkje sjeldan eg høyrde norsk og svensk i gatene. Det var tilogmed ein amerikaner som såg på oss og sa "are You Norwegian?", ser vi så norske ut ??? Dei viktigaste attraksjonane er Empire State Building, Ellis Island-Frihetsgudinna, Times Square samt shopping langs Fifth Avenue og teaterbesøk på Broadway.

Dagane gjekk altfor fort…
Det var ikkje mykje kvile. Vi sto opp i 5-6 tida, hadde ein times joggetur kvar einaste dag, samt ein dag med boot camp, der Berit var coach. Ho piska oss rundt i Central Park med eit utval av styrke øvelsar og intervallar. Berit bestilte hotell, og vi budde ca 50 meter frå parken, og det var ikkje tilfeldig for å seie det slik. Parken ligg midt på Manhatten og er ca 3,5 km2 i utstrekning. Berit hadde proff klokke, og det var ca 11 km langs hovudvegen rundt heile parken. Parken blei fullført og bygd i 1880. Her er det svært populært å drive leik, sport, jogging, gå tur med hundar, skøytebane, zoologisk hage, innsjøar med båtar. Det går eit nett av bilvegar gjennom parken, men det var svært godt merka opp med kor ein kunne gå og kor ein kunne sykle. Sidan vi var der på vinteren var ikkje sykling så aktuelt, men neste gang eg dreg over på våren/hausten blir det å leige syklar. Det er ein vakker park, og unikt for ein storby med så masse fin natur og enorme trær.



Det var veldig deilig å vakna tidleg, ut på trening, og klar for sightseeing resten av dagane. Eg vil påstå at vi brukte dagane godt, og det var veldig fint at globetrottaren Arna tok styringa og leda oss rundt i byen.


Første dagen var den nydelegaste og klåraste dagen. Vi tok ferja over til Liberty Island og Frihetsgudinna, og det var heilt ubeskrivelig vakkert der ute. Denne gudinna blei gitt i gåve frå det franske folk til det amerikanske folk som eit symbol på gjensidig vennskap. Den blei avduka 28.oktober 1886. Den er laga av kobber og er 93 m høg. 

Brooklyn brige er ein av dei tre bruane som binder Manhatten og Brooklyn saman. Det er ei hengebru, og var verdas lengste av dette slaget då den stod ferdig i 1883. Den er i dag ein av dei mest berømte mesterverka i USA, samt at det er mange filmar og seriar som har denne brua med i filminga. Den er veldig romantisk, og eg har høyrt at det er mange frieri som oppstår her <3

Bursdag gåve frå pappa og mamma blei helikoptertur på Manhatten. Det var litt av ei oppleving, der eg fekk kjenne godt på suget i magen og kjende at eg levde. Det var deilig !!!






Etter treningsturane på morgonen er det viktig å fylle opp lagra, og det skal eg love vi gjore med stil. Kaffien blei nytt på Starbucks, såklart. Det er min favoritt, og det var faktisk Starbucks på kvart hjørna. Og ikkje feil at det var wifi der. Merkelig kor avhengig ein kan bli av slikt. Trur Sara satte rekord på instagram tagging fra smoothien frå Starbucks. 

                                              Ekte amerikansk frukost !!!

Og litt dessert såklart :) 

Siste kvelden vår, var vi på Broadway og såg Lion King, gåve frå tante Marta. Det var ei fantastisk forestilling med flinke artistar, fin historie og fine sanger som eg kunne godt, og sang med. Absolutt å anbefale. Det var ikkje lov å ta bilete frå forestillinga. Bilete under viser typisk NY gate på kvelden. Gule taxier, røyk fra undergrunnen og høge bygningar med masse, masse reklame. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar