tirsdag 17. mars 2015

Boot Camp - Strandebarm

Boot Camp har i dei seiner åra blitt ei svært poppulær treningsform, spesielt innan fitness, som motiverande gruppetrening. Det foregår ofte utandørs, utan bruk av avansert utstyr, og ofte berre ved bruk av eigenvekt. Ordet boot camp kjem eigentleg frå militæret og betyr; rekrutering under streng disiplin. Boot camp har nok blitt noko mildare, men eg tenkjer at det krevest streng disiplin for å utføre og fullføre boot camp. 
Eg har sjølv deltatt på og har arrangert boot camp for mine kundar. Eg arrangerte det som ein slags sirkeltrening der eg som trenar går og pusher på kunden. Alle gjere same øvelse på likt, på ei viss tid, deretter 10 sek pause. Deretter byrjar ein på neste øvelse. Dette er i utgpkt lette øvelsar, men blir tunge når ein gjere dei i tempo og i ei viss lengde. Eg pleier å køyra 3 rundar på alle øvelsane, deretter avslutte med løp. T.d stafett eller intervallar. Svært effektiv trening, der pulsen stig og musklane vert køyrd hardt. 
Eg var heime på vestlandet denne helga, og tilbragte mesteparten av tida i Strandebarm, der pappa er oppvaksen og har overtatt huset til mine besteforeldre. Sidan veret var så nydeleg, tok eg med meg mamma og pappa på joggetur, deretter boot camp i hagen i vakre omgivelsar. God stemning !!!

                                     Midt i økta var det spensthopp på programmet. Einaste bilete eg fekk lov å ta !!!

Strandebarm ligg i Kvam herad (her heiter det ikkje kommune). Heradet ligg i Hardanger og består av Norheimsund, Øystese, Ålvik og Strandebarm, der Strandebarm er den minste bygda med sine 1300 innbyggere. Med slake dalar og grøne marker som ramme, med strender, holmar og nes, står Strandebarm fram som ei perle ved Hardangerfjorden. Det er ei heilt spesiell idyll og stillheit som rår i denne bygda. I bygda finn ein postkontor, butikk, bensinstasjon, og elles det mest viktigaste. I tillegg har bygda ein flunkande ny skule og eit nytt idrettsanlegg som ligg heilt nede ved fjorden.  Fjorden har nok vore svært viktig for Strandebarm, og båtbyggjatradisjonen står sterkt. 

Strandebarm byr på mange naturopplevingar. Det finst ei rekkje gode fiskeplassar, og bygda er eit ypperleg utgangspunkt for fjellturar. Høge toppar som Kråkenos og Vesoldo gjev ei ubeskriveleg utsikt over bygd og fjord. Båtliv og bading er gode minner frå eg var lita… Eg vert meir og meir glad i staden. 

                                                Utsikt over Strandebarm


                                              Omaholmen i Strandebarm.


I løpet av helga besøkte eg onkelen min, Arvid, som bur i Øystese på ein omsorgsbolig. Det er sjeldan eg ser han, men etter nokre minutt, lyser han opp og blir så glad for å få besøk av familien. Slike øyeblikk varmar hjertet <3



1 kommentar: