onsdag 1. oktober 2014

Vakre Stockholm

Stockholm er ein vakker by, dermed basta !! Byen er bygd opp på 14 øyer som er bunde saman av 53 bruer. Tettstaden Stockholm har ca. 1,4 millionar innbyggjara, medan stor-Stockholm har over 2,1 millionar innbyggjara. Byen er dermed Nordens mest folkerike by. Eg fekk mange bra tips av Amanda på jobben, som viste seg å vera gull verdt. 

Vi budde på Grand Hotell som ligg perfekt til nede ved sjøkanten, med utsikt til (merk) det konglige slottet. Ikkje berre ein stor og flott bygning altså !!! Hotellet er å anbefale med sine flotte rom, tilbod om spa, treningsrom, badekulper, steam dusj, herleg frukost, hyggelig betjening, pianobar m.m. Dit vil eg tilbake.


Djurgården er ein bydel og parkområde i den østlege delen av byen. Parken imponerte meg verkeleg. Både med den vakre naturen og vakre bygninger, mykje å by på samt imponerende stor for å vera midt i Stockholm by. Vi både gjekk og sykla oss ein lengre tur der ute. Vi besøkte Vasa museet, spiste ein betre lunsj og såg på tivoliet ”Grona Lund” som imponerte med karusellar som eg aldri ville satt ein fot oppi. Tyder det på at eg drar på åra ?!? Djurgården er eit must når ein er i Stockholm.

                                         Vakre Djurgården 

”Citybike” blei ein slager. Vi leigde sykler i 3 dager, og kom oss raskt dit vi ville. Dersom vi fann stativ som var i drift og fann sykkelparkering i områder vi ville stanse på, vel og merke. Det var nemleg ikkje alltid like enkelt, men det ordna seg til slutt.

Anbefalte stader å ete middag er "Primo CiaoCiao" på Odenplan. Der har dei veldig god italiensk mat, intimt, og god stemning. Bestill rødvin til maten. Siste kvelden var vi på "East" på Ôstermalm. Vi bestillte ulike småretter, og sushien der var meget bra. Denne staden verka som ein kul og veldig poppulær utestad. Det byrja å kome festklare folk der i 21-tiden.  

Anbefalte stader å ta ein øl, midt på dagen, såkalla ”afterwork” som svenskane kaller det: ”Bar 19” i Gamlebyen. Ordentleg trevligt lite sted, der ein sit på gigantiske ”vinkorkar”. Gamlebyen var dessutan veldig koselig med dei smale gatene og brosteiner. Minna meg eigentleg om gatene i Roma.



Det einaste plagget eg ikkje brukte på turen var tightsen og treningsjakka mi. Den gjekk ikkje i vaskemaskina, men rett i skapet. Litt uvandt sidan eg alltid er vandt med ein treningstur ila ein slik storbyferie. MEN jammen var det deilig med treningsfri. Eg hadde det rett og slett altfor bra utan trening denne gangen.


Men heilt ærleg. Kroppen har godt av fri nokre dagar, sjølv om ein føler seg topp og klar for trening. Desto meir motivert blir eg etter treningsfri. Det gjeld å ikkje venne seg til å ikkje trene over lengre tid. Det er berre å komme i gang igjen. No har eg ein langtur og ei styrkeøkt i kroppen, og meir langturar skal det bli på fjellet, no når eg er heime i vakre Vik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar