mandag 22. september 2014

Blåmandag og trening

Det er mange forklaringar på opprinninga av ordet blåmandag. T.d frå kristen tru er blåmandag, mandagen i veka som fasten byrjar. I middelalderen var blåmandag ein dag med redusert arbeid, og ordet fekk blant tyske håndtverkara ein generell betydning av ein dag som var heilt eller delvis fri. I Danmark brukast blåmandag om dagen etter konfirmasjonen, som tradisjonelt har vore fridag. 

Sist men ikkje minst, som vi i Norge ofte bruker begrepet; Blåmandag brukast om ein dag ein kjenner seg elendeg etter festing. Kven har vel ikkje hatt den følelsen ? Spesielt er vel blåmandag på ein mandag for dei fleste, etter ei helg med fri og festlegheitar. Korleis er din mandag ? 

Har du kjendt denne følelsen ? 



Skal tru om kinesera veit kva blåmandag er ? 
                   
Uansett, trening høyrer mandagar til. Eg veit det kan vera fryktelig tungt, men det kan vera meget bra for kropp og sinn og ta seg ei økt, på ein blåmandag !!! Tru meg. Dersom det er ekstra tungt, kan det vera lurt å legge avtaler å trene saman, gå på fellesøkter eller ta ei roleg jogge økt ute (frisk luft hjelper på det meste), osv. Blåmandagen kan fort bli snudd til ein fin mandag !!!

Laurdag var det Oslo Maraton. Eg pingla ut, men har bestemt meg for at til neste år SKAL eg vera med. Det er eitt av mine mål. Men eg var sjølvsagt til stades i Oslo sentrum, og heia på venner og kollega. Fy søren så mange sprekingar eg kjenner !!! Gratulera alle saman. 
Arrangemanget verka til å vera vellukka, og eg synest det er så bra at det er eit tilbod til einkvar smak. Både heil- og halvmaraton, Barnas maraton (som vist under) og 10 for Grete. 



Ellers kan eg gledeleg dele ein av mine favoritt blogg-sider om dagen. Det er sida til Anniken ; 
Eg blir kjempe motivert å lese bloggen hennar, og hadde eg hatt tida skulle eg veldig gjerne vore med på øktene ho arrangerer. Hentar tips frå sida hennar til å bygge formen. 

Ønsker alle ein strålande (blå)mandag, samt ei god og aktiv veke !!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar