onsdag 10. september 2014

Nyttig påfyll !!!

I dette innlegget er det ingen tema, men nore få nyttige tips som eg sjølv, og forhåpentligvis du kan få nytte av. Sjølv om eg veit det meste av det eg skriv frå før, er det som oftest veldig greit å bli minna på det. Noko gløymer ein, medan andre ting er det ein ofte ikkje tenker på, men som er fint å gjera seg bevisst.

Vatn

Slit du med å drikke nok vatn ? Då kan det vera lurt å spise væskebomber som agurk og melon.



Dersom huden din blir grå og trist av trening drikk ein for lite og kan bli dehydrert. Dersom du har for lite vatn i kroppen, går det først til hjernen og organa, og aller sist til huden. Difor bør du sørge for å fukte huden godt innanfrå etter kvar treningsøkt. Det gjeld og om du ikkje føler deg tørst. Kunsten er å drikke før ein føler seg tørst !!!

Sjølvlaga kroppsmaske

Hausten er tida for å tilføra kroppen ekstra fukt og næring. Difor meiner eg ein bør skjemme seg litt bort. Maska eg brukar består av:

* 1 avokado
* 1/2 banan
* 1 ss honning



Eg moser banan og avokado sammen, og varmar opp honningen eit par sek. i mikroen, og tilset den. Deretter smører eg inn kroppen med denne, og let den sitte på kroppen i ca 15 min før eg skyljer den av. Mmmmm…. God følelse :)

Treningssko

Joggesko/treningssko, er sko ein brukar ofte og langt om gangen. Difor er dette dei viktigaste skoene ein har, påstår eg. Det er svært lurt å ha i alle fall 2 par ein byter på. To grunnar kan vera at ein får variasjon i dempinga, og at ein ikkje sliter så mykje på eit par.

Ein sveittar mykje i skoene under trening. Uansett om ein merkar det eller ikkje. Då blir resultaten som oftast at skoene luktar dårleg. For at ein ikkje bør vaske skoene i vaskemaskina etter kvar gang, kan ein bruke ein antiperspirant på føttene. Denne dempar svette produksjonen. I tillegg vil eg anbefale å tørke skoene mellom kvar treningsøkt, utandørs om mogleg.

Trening og søvn

Det er mange forskningar som påviser at trening fremjar god søvn. Det viser seg at tilogmed trening er betre enn sovemedisin, for personar som slit med å sove. Forklaringa kan vera, at dei som slit med søvnvanskar, har eit ekstra aktivt stressystem, som dempes av regelmessig trening.



I ein amerikansk studie oppdaga forskerane at god trening, skapte ein god sirkel. Når forsøkspersonane hadde sove godt om natta, presterte dei også betre på trening dagen etter. Dette viser nok ein gang at trening og søvn heng nøye saman

FY-FY trening på kvelden

Dropp intervall trening og anna hard kondisjonstrening dei siste tre timane før sengetid. Denne type trening pressar opp pulsen til maksnivå og aktiverar stresshormona. Det tek lang tid før ein får roa seg ned og sove. Dersom den einaste moglegheiten til å trene hardt er på kvelden, har eg nokon tips; avslutt økta med rolege øvelsar som t.d yoga, mindfullness, tøying, meditasjon eller rett og slett ein varm dusj. Alt dette hjelp til å senke pulsen, blodtrykket og pulsen.

Der ein bør gjera er å gå etter moderate mosjonsformer dom t.d. styrketrening og yoga, der ein ikkje får pulsen opp i særleg grad.

Men uansett, prøv ut trening på kvelden, sjølv om det gjev deg høg puls. Det kan godt hende at akkurat du klarer å sove godt kort tid etter ei slik økt.

Raude appelsiner

Det er berre dei raude appelsinene som inneheld antocyaniner - ekstra sterke antioksidanter som ein meiner verkar mot hjartesjukdom, kreftutvikling, stær og for tidleg aldring. I tillegg smakar dei raude appelsinene søtare enn tidlegare år.

Brokkoli

Dette er ein italiensk kålplante, og ei ordentlig sunnhetsbombe. Den inneheld svært mykje C-vitamin, propfull av antiokidanter og vitamin A og B. I tillegg meinar forskera at dersom ein et brokkoli til feit mat, fører dette til at ein ikkje tek opp så mange kalorier frå feittet.

Kålplanta er mykje betre enn å ta piller med vitaminer, og for feittreduksjon. Og så mettar planta godt!!!

Mindre tallerkener

Eit hotell i Geiranger, Hotel Union, opplevde stor utslag på matbudsjettet da dei gav gjestane mindre tallerkener å forsyne seg på til buffeten. Gjestane forsynte seg meir gjenomtenkt og fekk ingen anledning til å lasse på med nye rettar dei endte opp med å ikkje ete. Dermed blei det også kasta mykje mindre mat.

Dette er absolutt verdt å tenke på til dagleg. Bruk mindre tallerkener når du forsyn deg, då kan det hende du et mindre og slepp og kaste maten du ikkje orker.


Paris

Eg avsluttar med dette bilde frå Paris, som eg besøkte forrige helg. Det var eit vakkert syn på kvelden. Det er mykje eg kan seie om det franske folk, men eg droppar det, for det blir for mykje. Uansett, vakkert !!!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar