fredag 27. juni 2014

Trening er ferskvare !!!

Enten om du er perfeksjonist, ei vinglebøtte eller ein slabbedask - vi treng alle litt treningsinspirasjon når ting buttar. Eg har funne mine beste råd for kvar kategori, lista opp nedenunder.

                                            Enkelte dagar skal ein vera litt slabbedask...

          
SLABBEDASKEN
Start roleg med treninga, dersom du ikkje har trening som vane. Det er ikkje smart å hoppe på eit fancy    treningsprogram som krev for mykje.  Det er lurt å sette seg mål om t.d. to korte økter i veka den første månaden. Her snakker vi enkelt. Det er ingen behov for mykje utstyr eller tilgang på studio. Som eit tips er å gå/løpe i ca. 30 min, samt å utføre enkle styrkeøvelser som t.d armhevinger, utfall, spensthopp og planken. Dersom ein ønsker å starte på eit studio er tipset å starte med saltimer, eller skaffe seg ein PT.

Set deg klare mål, og legg treninga til å bli ein vane. Prioriter treninga på faste dagar. Ein må prioritere treninga dersom ein skal oppmnå resultat. Difor bør ein finne ei treningsform som du liker, og som er enkel og effektiv. I tillegg hjelp det mykje på å trene saman med ein ven/veninde. Det gjere at treninga og blir ein sosial arena. Det er enklare å kome seg på trening dersom ein har ein avtale. Musikk kan vera ein god motivasjonsfaktor. Last ned din favorittmusikk, og digg treninga.

Det handlar om å bli kjendt med seg sjølv. Kva er det du blir inspirert/motivert av ? Kvifor orker du ikkje treninga ein dag, eller i perioder ? Alt dette er lurt å kartlegge på ein A4 ark. Skriv ned alle positive sider, samt alle negative seider ved det å trene. Når ein analyserer arket vil du tydleg sjå retninga som du bør gå, for å få treninga til å bli noko som motiverar og som du gleda deg til.

VINGLEBØTTA
Det er lurt å skrive treningsdagbok, for å sjå tilbake på mengden, men også å sjå på resultata på kvar økt. Kor mykje går ein opp på vektene ? Er det forbedringar ? Trenar ein riktig/feil? I tillegg til treningsdagbok kan det vera lurt å legge inn ein test for å sjå framgangen, ca ein gang i månaden/kvar 2 månad. Dette er etter erfaring veldig motiverande. Det handlar om å konkurrere med seg sjølv. Du veit du kan !!!

Ikkje vera ei vinglebøtte på treningsfronten. Sjølvsagt er det fint å prøve ut ulike treningar, og det kan vera motiverande. Men det handlar om å finne den treningsforma som ein trivest med. Det handlar om å finne treningsforma som får deg til å nå dine mål. Det handlar om å finne treningsforma som gir treningsgleda, som ikkje heilt kan beskrivast med ord.

Eg har funne ei treningsform som eg trivest ekstra godt med. Det vera seg Fjelltur/motbakkeløp.
      Her er meg og Ingvild Flatland på Skaugumtoppen, på seinsommaren i fjor, 2013.

PERFEKSJONISTEN

Sjølv om du er ein perfeksjonist på treningsfronten, og trenar 6-7 ganger i uka med hard trening, bør du likevel sette deg klare mål og tenke gjennom kva du har lysst til å oppnå med treninga. Noko du vil realisere? Eit løp du vil gjenomføre? Dersom ein set seg klare mål, er det mykje enklare å motivere seg til treninga, og halda treningsgleda oppe. Det handlar om å ikkje bli treningslei/overtrent, som ikkje er så uvanleg når ein er seriøs og trenar ofte.

Dersom ein trenar mykje, kan det vera smart å legge inn ei useriøs økt i veka. Ei økt som berre er moro, og som balanserar det andre du trenar. NB! Viktig å variere intesiteten og lengden på øktene ila veka. Det er også lurt å ha ein kviledag.

                    Sommaren er kort. Kva med ein useriøs økt, som symjing på vakre Bygdøy? :)

Enklere sagt enn gjort, men forsøk å ikkje samanligne deg med andre. Det handlar om at din styrkereise er din unike reise.

Hugs at endring i formen aldri er lineær. Ein vil ha gode periodar, og ein vil ha dårlege, der formen stoggar opp eller går sakte framover. Det er heilt normalt. Det motsatte er unormalt. Vær tålmodig !!! Hardt arbeid er nøkkelen til å nå dine mål. Det er difor det blir ein hemmelighet for så mange.

Dersom formen stoggar opp, og ein ikkje oppnår dei resultata ein vil ha, er det som oftast ikkje mengda på øktene som er problemet. Men det heller meir mot at ein trenar "feil". Her kan det vera eit svært godt tips å ta imot proffesjonell hjelp, som hjelper til med programm i starten av ein ny periode i livet.  Som t.d ein PT og kostholdsveileder.


VISDOMSORD

Eg har lært meg nokon visdomsord, som eg ofte har i tankane når eg trenar, spesielt i harde periodar.

"Uansett kor sakte du løper, knuser du dei som ligg på sofaen"

"No one can take the shot for you"
                      
"A quitter never wins - a winner never quits"
                      
"Trening er ferskvare, hold ut, stå på" 

"Hardt arbeid er vegen til suksess. Difor forblir det ein hemmelighet for så mange"

"Det er i motbakke det går oppover"


                                         Ole Brum har ofte gode poeng i sitt barnslige språk. 

Snurre sprett: "Hvor blir barn laget ? Ole Brum : "Det er bare å se på merkelappen på klærne. Veldig mange er made in China…."



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar