tirsdag 10. februar 2015

Avocado=sunt

Avocado er noko eg brukar så godt som til dagleg i kosten. Enten det er i salaten, på brødskiva med salt og pepper, oppå makrell i tomat, ovnsbakt avocado, guacamole, eller berre som sunn snacks. Det er utruleg godt, og det er ikkje dumt at denne frukta har ekstremt mange helsefordelar. 



Eit tips, dersom avocadoen er for hard, kan ein dryppe litt sitron på den. Da modnar den raskare.  

Frukta er proppfull av sunne "fut coins" næringsstoff, som kroppen treng så kjært. Avocadoen er super sunn kjelde til både vitamin A, C og E. Det er og fleire typar B-vitaminer som folat, tiamin, pyridoksin, riboflat og niacin. I tillegg er det masse kostfiber, magnesium, kalium og lite sukker.  



6 gode grunnar til å spise avocado


1) Sunt feitt for hjarta og kolesterolet. 

2) Kraftig antioksidant C og E som er veldig bra for huden. Den held huden frisk og ung, styrkar bindevevet i huden, brusk, bein og tenner.

3) Beskyttar tarmen. Kjelde til kostfiber, som spelar ein stor rolle i å opprettholde god helse. Avocado mettar utan å gi energi, verkar gunstig på mage- og tarmfunksjonar, og hjelp mot forstoppelse.

4) Verkar blodtrykknedsettande. Kaliumet er med på å regulere vannbalansen i kroppen. 

5) Styrkar nervene, som er viktige for stoffskiftet i nervesystemer. Vitamin B trengs for god nervefunksjon. Forskning viser at det er ei god frukt for mennesker som lid av nervøsitet, irritablitet eller depresjon. 

6) Folat for fosteret. B-vitaminet folat er viktig for danninga av friske raude blodceller og normalt arvestoff. Eit tilstrekkelig inntak av folat er viktig før og under svangerskap fordi folat forebygg fosterskader. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar