torsdag 19. februar 2015

8 gode grunnar

Dersom ein er på jakt etter den eine øvelsen som gjev deg sterkare, flottare og ein meir funksjonell kropp, meinar eg at knebøy er definitivt øvelsen ein bør prioritere. Nedanfor har eg lista opp 8 gode grunnar til nettopp dette.




1. Knebøy gjev auka styrke i heile kroppen.
Sjølv om øvelsen går hovudsakleg på for-og bakside lår samt setemusklaturen, så innvolverar denne øvelsen eit fleirtal av musklar i resten av kroppen. Dette er mellom anna kjernemusklaturen, samt nedre og øvre del av ryggen. Ofte har eg opplevd folk som gløymer dette, og sniker seg til å trene bein på apparat i staden. Då går ein glipp av å trene støttemusklaturen.

2. Knebøy aukar forbrenninga.
Ein av dei mest effektive måtane å auka forbrenninga på er å få større muskelmasse. Dermed vil også kvileforbrenninga gå opp. I praksis vil dette medføre at du vil forbrenne meir feitt når du trenar, når du er i ro, samt når du søv. Dersom ein vil ned i feittprosent, og vil ha ein fastare kropp, er dette noko av det viktigaste du kan gjera.

3. Knebøy gjev fastere rumpe.
Rumpemusklane blir undervurdert når det gjeld knebøy, fordi det er så stort fokus på framside lår. Men dersom ein utfører korrekte djupe knebøy, vil ein aktivisere rumpa i stor grad. Her er det da svært viktig å ikkje ha for tunge vekter, og ha ryggen strak.

4. Knebøy gjere daglege aktiviteter lettare.
Forfedrane våres gjore knebøyøvelsen i svært mange daglege aktivitetar, slik som hausting av høy, jakt, innsamling, foring av dyr osv. Men mange av aktivitetane i dag er også avhengige av denne aktiviteten. Knebøy er ein full-kropps-øvelse, der det blir aktivisert heile kroppen som eit system, i motsetning til å trene ein separat muskelgruppe. Når ein utviklar eit riktig bevegelsesmønster og blir sterkare i knebøy, blir ein også mjukare og forbedrar balansen.

5. Knebøy betrar spenst og prestasjonsevne.
Ein rekke studier viser at knebøy forbetrar kroppen sin evne til å produsere kraft, slik som er gunstig for eksplosive idrettar som sprint og bryting. Idrettar som volleyball, fotball, basket og høgdehopp, er truleg knebøy ein av dei mest gunstige øvelsane ein bør trene på for å betre formen.

6. Knebøy gjere deg mindre utsatt for skader.
Dei fleste idrettsakder oppstår ved muskulær ubalanse, svake stbiliseringsmusklar, leddbånd og bindevev. Knebøy hjelp deg til å styrke desse områda. Det kan og bidra til å forhindra skader ved å forbedre mobilitet og funksjonell yteevne i ankler og hofte, som svært ofte er skadeutsatt hjå idrettsutøvera.

7. Knebøy styrkar kjernemusklaturen.
Her er frontbøy veldig aktuell. Dersom ein trenar for å få synlege magemusklar, kan ein lett kompansere med knebøy som ein øvelse til vanlege mageøvelsar.

8. Knebøy betrar haldninga.
Når ein trenar knebøy, trenar ein alle musklane som er viktige for å ha ein best mogleg korrekt haldning. Korrekt utført knebøy tvingar kroppen til å halde ein oppreist stilling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar