torsdag 29. januar 2015

Grønn te - helseeffekt

Då eg budde mine månader i Shanghai, blei eg fort oppmerksam på at te var den mest poppulære drikken. Like ofte som ein ser folk på morgonen går rundt med kaffikoppen, var te-koppen noko kineserane gjekk rundt med døgnet rundt. Eg var innom på "tea house" nokon ganger, der eg fekk prøvesmake på ca 10 ulike te-typer. Der var det ekte te, og ikkje slik vi er vandt med i poser. Så dersom ein skal til Kina, er te smaking eit must !!! Nedanfor viser te-dama, som sjenker dei ulike te-typane.



Min favoritt er grønn te. Kanskje ikkje fordi den er den aller beste på smak, men den synest eg er frisk, og skal vera ein av dei sunnaste. Når eg ikkje føler meg heilt i slag, lager eg ofte grønn te. Som regel blir eg ikkje sjuk :)

Grønn te blir omhandla som "ekte te", som kun er blitt utsatt for veldig lite oksidasjon i forbindelse med framstillinga. Den er den mest poppulære typen i Kina og Japan, men har blitt meir og meir poppulær i vesten.

Grønn te har ekstra innhald av sunne stoffer, da spesielt catechiner som vert kalla EGCG. Den blir framstilt med dei same bladene som svart te. Men bladene vert behandla på ein måte som bevarar dei supersunne plantestoffa. Den mest utforska teorien er at grønn te forebygger kreft. Forskning har vist at teen gir ein effektiv beskyttelse mot eit spesielt enzym som er overrepresentert i dei fleste krefttypar.

Stoffet som nevnt ovanfor, EGCG, hindrar at celler i hjarta og hjernen dør etter eit hjernefall og betrar cellehelingen slik at ein kjem seg raskare. Forskere ved Sheffield University påviste i 2003 at EGCG kan beskytte leddbrusken mot skade ved slitasjegikt, samt at det hemmar produksjonen av eit protein kalla betaamyloid som gjev hukommelsestap hjå menneske som lid av Alzheimer. I tillegg har forskning funne ut at grønn te aukar stoffskiftet som kan hjelpa når ein vil ned i vekt, samt innhald av antihistaminer som motverkar hevelse og irritasjon som fylgje av allergi.


                                          

                    Min favoritt :Grønn Te Qing Xiu







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar