mandag 5. januar 2015

2015 - bruk det godt



               "Eit nytt og ubrukt år, i gåva har du fått, så gløym ikkje å smila om måla verkar tunge"

Tida er inne for nye moglegheitar til å skrive historie. Dei fleste kjenner seg vel igjen i at januar er månaden for nyttårsforsett, der ein tek tak i det ein vil forandre på og jobbe med. Dette innlegget handlar om kva som skal til for å lukkast med nyttårsforsetta, og kva ein bør droppe å gjera. Det handlar om å "bli den beste utgåva av seg sjølv".





VILJESTYRKEN
Viljestyrken vår er til dels medfødd, men for dei fleste handlar det om å øve. Viljestyrken er som ein muskel som må trenast. Kor god ein blir på dette, handlar om kor mykje ein øver på å styrke viljen. Måten ein trenar viljestyrken på, er å utvide komfortsona. Det er IKKJE å gjera meir av dei tinga du alltid har drøymt om eller allereie er veldig god på. Du må utfordre det du er mest usikker på og redd for. Bryte ut av det vante og erobrE nytt territorium. Sjå på det ubehagelige som psykologiske voksesmerter. Det må til for å vokse som person.

GAMAL VANE VOND Å VENDE
Vanane som er mest vanskeleg å endre på, er dei som har vore der lengst. Det er der du kjenner på eit fysisk avhengighetsbehov som røyk, koffein og sukker. Du veit du bør slutte eller kutte, men kroppen strittar imot. Her er det viktig med ein god plan for endring.

DØMD TIL Å MISLUKKAST
Ein total livsendring utan ein skikkelig plan, er dømd til å misslukkast. Skal du slutte å røyke, byrje å trene og gå ned i vekt samtidig, må du sjå at det let seg gjera i kombinasjon. Kvar for seg kan desse måla vera vanskelege. Det er endå meir vanskeleg å endre fleire vanar på ein gang. Det er sjølvsagt mogleg, men da må du vera krystallklar på målet ditt, og ha ein gjennomføringsevne over lang tid.

MOTIVASJON
Ein treng ikkje nødvendigvis å legge lista lavere enn det ein ønsker. Alt handlar om kva slags person du er, og kva som motiverar akkurat deg. Set mål som passar akkurat deg, som du får ein offensiv følelse av. For nokon er det svært ambisiøse mål, for andre er det meir kvardagslege ting. Motivasjonen treng ikkje å vera høg frå starten av, men den må melde seg på eit tidspunkt. Dessutan vil motivasjonen variere undervegs. Du må ha vilje til å godta at du skal gjennomføre noko utan at du alltid er så motivert. Forbered deg godt på at lysten kjem til å falle tilbake til gamle vanar garantert vil komme. Når du kjem dit, er det viktig å minne seg sjølv på målet. Tenk på gulrota di. Kvifor vil du akkurat dette ?
Dersom skaden først er skjedd, så gjer alt du kan for å komme på sporet igjen. Det handlar om å gjera det beste ut av kvar situasjon.



MÅLOPPNÅING
Tilstrekkelig kunnskap om deg sjølv, og vegen til målet, er viktig. Når det gjeld livsstilsendringar, kan det vera fint med hjelp av ekspertar. Du kan sjølvsagt klare det på eiga hand også, men du bør absolutt be om råd fra folk som veit meir enn deg. Det er ikkje så lurt å byrje i ein ende og sjå korleis det går. Dei nyttårsforsetta glipper fort. Ein må gjerne lage ein treningsplan med ein annan person, men aldri gjera seg avhengig av ein annan person. Dersom den eine backer ut, blir det ikkje enkelt å gjennomføre.





LYKKE TIL MED DINE NYTTÅRSFORSETT !!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar