torsdag 7. mai 2015

"Lavvo Åshild"

Veninda mi Åshild bur i lavvo. Ikkje berre på våren og sommeren, men heile året. Eg er imponert, og det trur eg andre er også . Eg var på overnattingsbesøk, og det er jo heilt nydelig å sove ute. Men eg trur ikkje det er så mange som hadde orka å budd ute heile tida, året rundt. Så Åshild, du er heilt rå !!!

Eit stemningsfullt alternativ for dei som ønsker ein heilt spesiell oppleving ute, er å overnatte i lavvo. Å sitte på eit reinsdyrskinn, høyra verda knitre og nyte god mat og drikke set prikken over i'en på denne opplevinga. Eg og Åshild grilla fisk, grønnsaker, og det var heilt himmelsk. ALT smaker jo godt ute uansett. I tillegg er jo ikkje eit glas rødvin feil, som varmer ekstra :)

                                              Åshild og meg under ein jervenduk


                                              Marshmallows til dessert er ikkje feil….

Aftenposten har vore å intervjua Åshild om akkurat dette. Det kjem til å komme ein artikkel om ho snart. Så følg med.


FRILUFTSLIVETS ÅR

2015 er friluftslivets år. Ein aktiv livsstil og auka bruk av friluftslivet gir deg ikkje berre gode opplevingar, men i tillegg god helse, betre humør, og ein mykje rikare kvardag. Friluftslivets år, 2015 er ein nasjonal satsing for eit aktivt friluftsliv som Klima- og miljødepartementet presanterte i 2013. Tidlegare er dette arrangert er i 1993 og i 2005.

Formålet med å arrangere dette er å gi auka merksamd på friluftslivet i Noreg, og gi varige resultater i form av auka deltakelse i friluftslivet i alle delar av befolkninga. Det skal gi auka bevisstheit om alle dei positive sidene knytta til folkehelse. I tillegg til å gi noregs befolkning bevisstheit om allemannsretten og dei unike moglegheitane vi har her i Noreg. Vi har eit vakkert land, så bruk det aktivt !!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar